Dei franske revolusjonskrigane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei franske revolusjonskrigane

Slaget ved Varoux under den franske revolusjonen
Dato 1792–1802
Stad Europa, Egypt, Midtausten, Atlanterhavet, Karibia
Resultat Fransk siger; Den første franske republikken overlevde; fleire franske klientstatar vart oppretta
Lunéville-traktaten og Amiens-traktaten
Partar
 Det tysk-romerske riket[1]
 Preussen[2]
 Storbritannia[3]
 Russland[4]
Flagget til Frankrike Franske rojalistar
 Spania[5]
 Portugal
 Sardinia
 Dei to Sicilia
 Dei to Sicilia
Andre italienske statar[6]
Flagget til Det osmanske riket Det osmanske riket
 Den nederlandske republikken[7]
Flagget til Frankrike Den franske republikken

Franske klientstatar
Flagget til Leinster Sameinte irar[8]
Polske legionar[9]
Flagget til Danmark Danmark-Noreg[10]

Kommandantar
Flagget til Habsburgmonarkiet Karl av Austerrike-Teschen

Flagget til Habsburgmonarkiet Michael von Melas
Flagget til Habsburgmonarkiet József Alvinczi
Flagget til Habsburgmonarkiet Dagobert Sigmund von Wurmser
Flagget til Habsburgmonarkiet Peter Quasdanovich
Flagget til Preussen Hertugen av Braunschweig
Flagget til Preussen Prinsen av Hohenlohe
Flagget til Frankrike Prinsen av Condé
Det britiske flagget Fredrik av York og Albany
Det britiske flagget Horatio Nelson
Det britiske flagget Ralph Abercromby
Det britiske flagget William Sidney Smith
Flagget til Det russiske imperiet Aleksander Suvorov

Flagget til Frankrike Napoleon Bonaparte

Flagget til Frankrike Charles Pichegru
Flagget til Frankrike Jean-Baptiste Jourdan
Flagget til Frankrike André Masséna
Flagget til Frankrike Jean Victor Marie Moreau
Flagget til Frankrike Charles François Dumouriez
Flagget til Frankrike François Christophe Kellermann
Flagget til Leinster Wolfe Tone
Jan Henryk Dąbrowski

  1. Nominelt Det tysk-romerske riket, der Dei austerrikske Nederlanda og Hertugdømet Milano var under direkte austerriksk styre. Dette omfatta òg mange andre italienske statar, samt andre Habsburg-styrte startar som Storhertugdømet Toscana.
  2. Nøytal etter freden i Basel i 1795.
  3. Vart Storbritannia og Irland den 1. januar 1801.
  4. Erklærte krig mot Frankrike i 1799, men forlet Den andre koalisjonen same året.
  5. Alliert med Frankrike i 1796 etter den andre San Ildefonso-traktaten.
  6. Så godt som alle dei italienske stataen, inkludert dei nøytrale Pavestatane og Republikken Venezia, vart erobra av Napoleon i 1796 og vart franske klientstatar.
  7. Dei fleste styrkane flykta i staden for å møte den franske armeen i kamp. Alliert med Frankrike i 1795 som Den batavisk republikken etter freden i Basel.
  8. Startar det irske opprøret i 1798 mot det britiske styret.
  9. Kom til Frankrike etter nedlegginga av Det polsk-litauiske samveldet etter den tredje delinga i 1795.
  10. Offisielt nøytral, men den danske flåten vart angripe av britane i slaget ved København.
Dei franske revolusjonskrigane
Den første koalisjonen
VerdunValmyJemappes1. MainzNeerwindenFamars1. Arlon - Hondshoote - Dunkerque1. WissembourgWattigniesKaiserslautern - Toulon - 2. Wissembourg - 2. Arlon - Villers-en-CauchiesTourcoingTournay3. Arlon - UshantFleurusVosgesane1. DegoLuxembourgGenovaGroixQuiberon - Hyères2. MainzLoano - MontenotteMillesimo2. DegoMondovìFombioLodiBorghettoLonatoCastiglioneNeresheimAmbergWürzburgRovereto1. Bassano2. BassanoCallianoCaldieroArcoleExpédition d'IrlandeKehlRivoliMantuaFishguardNeuwied - Camperdown
Krigen i VendéeKrigen i PyreneaneFelttoget i Flandern - Den engelsk-spanske krigen
Den andre koalisjonen
Ostrach1. StockachMagnanoCassanoKamphandlnigane ved Winterthur i 1799Det første slaget ved ZürichTrebbiaMantuaNoviBergenDet andre slaget ved ZürichCastricumGenovaKapituleringa ved Hohentwiel2. StockachMeßkirchMontebelloMarengoHöchstädtHohenlindenKøbenhavnAlgeciras
Det egyptiske felttogetDet sveitsiske felttogetDet nederlandske felttoget
Dei franske revolusjonskrigane i Italia
1. Dego - LoanoMontenotteMillesimo2. DegoCevaMondovìFombioLodiBorghettoLonatoCastiglioneRovereto1. Bassano2. BassanoCallianoCaldieroArcoleRivoli1. MantuaMagnanoCassanoTrebbia2. MantuaNoviGenovaMontebelloMarengoPozzolo
Dei franske revolusjonskrigane: Sjøslaga
Mai 1794UshantGenovaGroixHyèresDroits de l'HommeCamperdownSt. VincentÎles Saint-Marcouf - NilenTory IslandKøbenhavnAlgeciras

Det irske opprøret i 1798Den haitiske revolusjonen

Napleonskrigane

Dei franske revolusjonskrigane var ei rekkje store konfliktar frå 1792 til 1802 mellom dei franske revolusjonære styresmaktene og fleire europeiske statar. Den franske revolusjonshæren utmerkte seg med gløden frå den franske revolusjonen og militære nyvinningar og slo mange av dei fiendtlege koalisjonane. Frankrike fekk kontroll over Nederlanda, Italia og Rhinland. Krigen omfatta særs mange soldatar, hovudsakleg på grunn av den moderne verneplikta.

Dei franske revolusjonskrigane vert vanlegvis delt mellom dei i Den første koalisjonen (1792–1797) og Den andre koalisjonen (1798–1801), sjølv om Frankrike var i samanhengande krig med Storbritannia frå 1793 til 1802. Krigane enda med Amiens-traktaten i 1802, men konflikten blussa raskt opp igjen med napoleonskrigane. Begge konfliktane vert stundom omtalte som «den store franske krigen».

Krigen med den første koalisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå den første koalisjonen.

1791–1792[endre | endre wikiteksten]

Så tidleg som i 1791 såg dei andre monarkia i Europa med uro på revolusjonen og bråket i Frankrike og tenkte på om dei skulle blande seg inn, anten for å gje støtte til kong Ludvig XVI eller gjere nytt av kaoset i Frankrike. Nøkkelfiguren var keisar Leopold II av Det tysk-romerske riket, bror til Ludvig XVI si dronning Marie Antoinette. Leopold hadde først sett på revolusjonen med sinnsro, men vart meir og meir uroleg då revolusjonen vart meir radikal, men håpte likevel å unngå krig. Den 27. august gav Leopold og kong Fredrik Vilhelm II av Preussen, i konsultasjon med franske emigrerte adelsmenn, ut Pillnitz-erklæringa. Her erklærte monarkane i Europa ønske om velvære for Ludvig og familien hans, og svake visingar til alvorlege konsekvensar om noko skulle skje dei. Sjølv om Leopold såg på Pillnitz-erklæringa som ein ikkje-bindande gest for å blidgjere dei franske monarkistane og adelsmennene, vart det i Frankrike sett på som ein alvorleg trugsel og fordømd av leiarane av revolusjonen.

I tillegg til dei ideologiske skilnadane mellom Frankrike og kongemaktene i Europa, vart det stadige konfliktar om statusen til dei tysk-romerske områda i Alsace og franskmennene vart uroa over dei emigrerte franske adelsmennene, særleg i Dei austerrikske Nederlanda og dei mindre statane i Tyskland.

Til slutt erklærte Frankrike krig mot Austerrike etter at den lovgjevande forsamlinga i Frankrike stemnde for krig den 20. april 1792. Avstemminga kom etter ei lang klagemålsliste til utanriksminister Dumouriez. Dumouriez førebudde ein rask invasjon av Dei austerrikske Nederlanda, der han venta at dei lokale innbyggjarane ville gjere motstand mot det austerrikske styret. Revolusjonen hadde derimot gjort hæren uorganisert og han klarte ikkje å samle saman store nok styrkar for ein invasjon. Etter at krigserklæringa kom, deserterte mange franske soldatar og i eitt tilfelle tok dei livet av generalen sin.

Medan franskmennene desperat prøvde å samle dei franske troppane og omorganisere hæren, samla ein hovudsakleg prøyssisk arme under hertug Karl Vilhelm Ferdinand av Braunschweig seg ved Koblenz ved Rhinen. I juli sette dei allierte i gang invasjonen og armeen til Braunschweig tok lett festningane i Longwy og Verdun. Hertugen kunngjorde så Braunschweig-manifestet, skriven av fetteren til den franske kongen, Louis Joseph de Bourbon-Condé, leiaren av eit fransk korps i den allierte armeen, som erklærte at dei allierte ville bringe den franske kongen tilbake til makta og truga kvar ein person eller by som støtta opprørarane til å verte dømde til døden ved krigsrett. Dette medførte derimot berre til å styrke avgjersla til revolusjonsarmeen og styret til å stoppe dei allierte koste kva det koste vil. Den 10. august storma ein gjeng Tuileries-palasset, der Ludvig og familien hans oppheldt seg.

Slaget ved Valmy.

Invasjonen heldt fram, men i Valmy den 20. september gjekk det i stå mot Dumouriez og Kellermann då det særs profesjonelle franske artilleriet utmerkte seg. Sjølv om slaget vart ein taktisk uavgjort kamp, gav det franskmennene god moral. I tillegg hadde prøyssarane no innsett at felttoget varte lengre og var dyrare enn dei hadde føresett, og valde derfor å trekkje seg ut av Frankrike for å bevare armeen sin. Dagen etter vart monarkiet formelt avskaffa og Den første republikken vart erklært.

Samstundes hadde franskmennene hatt suksess på fleire frontar, okkupert Savoie Nice i Italia, medan general Custine invaderte Tyskland og okkuperte fleire tyske byar langs Rhinen, så langt som til Frankfurt. Dumouriez gjekk inn i Belgia nok ein gong, og vann ein stor siger over austerrikarane i Jemappes den 6. november og okkuperte heile landet då vinteren sette inn.

1793[endre | endre wikiteksten]

Den 21. januar avretta dei revolusjonære styresmaktene Ludvig XVI etter å ha halde ei «rettssak». Spania og Portugal gjekk inn i den antifranske koalisjonen i januar 1793 og 1. februar erklærte Frankrike krig mot Storbritannia og Den nederlandske republikken.

Frankrike kalla inn hundretusenvis av menn i forsvaret og starta ein fransk vernepliktspolitikk for å skaffe fleire menn enn dei aristokratiske statane kunne for å slik å vere på offensiven i landområda til fiendane. Dei allierte sette i gang eit målbevisst kamp for å invadere Frankrike under felttoget i Flandern.

Frankrike opplevde først tilbakeslag og vart drive ut av Belgia. I tillegg oppstod det opprør vest og i sør i landet. I eit av desse, i Toulon, utmerkte ein ukjend artillerikaptein kalla Napoleon Bonaparte seg for første gong. Han tok del i planlegginga av omleiringa av byen og hamna med artilleribatteri, og dette var starten på den strålande framgangen hans.

Mot slutten av året hadde nye store armear og det nye terrorveldet, med mellom anna masseavrettingar, drive tilbake invasjonane og undertrykt opprøra. Året enda med dei franske styrkane i ei stigande kurve, men framleis nær dei franske grensene, slik dei hadde vore før krigen starta.

1794[endre | endre wikiteksten]

I 1794 oppnådde revolusjonsarmeen meir suksess. Invasjonen av Piemonte hadde derimot mislukkast, men invasjonen av Spania over Pyreneane tok San Sebastián og franskmennene vann ved Fleurus og okkuperte heile Belgia og Rhinland.

Til sjøs hadde den franske atlanterhavsflåten klart å kome seg forbi britiske forsøk på å stoppe ein viktig kornkonvoi frå USA den 1. juni, men det kosta ein fjerdedel av flåten.

1795[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha teke Nederlanda i eit overraskande vinteråtak, oppretta Frankrike Den bataviske republikken som ein vasallstat. I tillegg hadde Preussen og Spania begge vald å gjere fred med freden i Basel og avstod venstrebreidda av Rhinen til Frankrike og frigjorde franske armear frå Pyreneane. Dette enda den største kritiske fasen i revolusjonen og Frankrike var fri frå invasjon i fleire år.

Storbritannia prøvde å forsterke opprørarane i Vendée, men mislukkast og forsøka på å styrte regjeringa i Paris med makt gjekk heller ikkje på grunn av militærgarnisonen leia av Napoleon Bonaparte. Dette førte til at Direktoriet vart oppretta.

På grensa av Rhinen forhandla general Pichegru med rojalistane som var i eksil, sveik armeen sin og tvinga ei tilbaketrekking frå Mannheim og den mislukka omleiringa av Mainz av Jourdan.

1796[endre | endre wikiteksten]

Franskmennene førebudde ei stor framrykking på tre frontar, med Jourdan og Moreau ved Rhinen og Bonaparte i Italia. Dei tre armane skulle møtast i Tirol og marsjere mot Wien.

Jourdan og Moreau rykte raskt inn i Tyskland og Moreau hadde nådd Bayern og utkanten av Tirol i september, men Jourdan vart slått av erkehertug Karl og begge armane måtte trekke seg attende til andre sida av Rhinen.

Napoleon klarte oppgåve med bravur i ein dristig invasjon av Italia. Han skilde armane til Sardinia og Austerrike, og slo dei grundig. Slik måtte Sardinia bed om fred, medan Milano vart erobra og Mantua omleira. Han klarte òg å slå fleire austerrikske armear som vart sende mot han under Wurmser og Alvintzy medan han framleis heldt fram omleiringa.

Opprøret i Vendée vart òg omsider knust i 1796 av Hoche, men forsøket hans på å invadere Irland vart mislukka.

1797[endre | endre wikiteksten]

I februar prøvde den spanske flåten og slå seg saman med den franske i Brest, men britane stoppa forsøket i slaget ved Kapp St. Vincent.

Napoleon erobra til slutt Mantua og austerrikarane overgav 18 000 mann. Erkehertug Karl av Austerrike klarte ikkje å stoppe Napoleon frå å invadere Tirol og den austerrikske regjeringa bad om fred i april, samstundes med ein ny fransk invasjon av Tyskland under Moreau og Hoche.

Austerrike signerte Campo Formio-traktaten i oktober, og avstod der Belgia til Frankrike, og anerkjende fransk kontroll over Rheinland og det meste av Italia. Den gamle republikken Venezia vart delt mellom Austerrike og Frankrike. Dette endra krigen med Den første koalisjonen, men Storbritannia var framleis i krig.

1798[endre | endre wikiteksten]

Med berre Storbritannia igjen i krigen og ikkje god nok marine for ein direkte krig, kom Napoleon med ideen om å invadere Egypt i 1798. Dette tilfredsstilte det personlege ønsket hans om heider og ære, og ønsket til Direktoratet om å halde han langt borte frå Paris. Det militære målet med denne operasjonen er ikkje heilt klår, men det kan ha vore for å truge den britiske dominansen i India.

Napoleon segla frå Toulon til Alexandria, og tok Malta på vegen, før han gjekk i land i juni. Han marsjerte til Kairo, vann ein stor siger i slaget ved pyramidane, men flåten hans vart øydelagd av Nelson i slaget på Nilen, og han var dermed stranda i Egypt. Napoleon brukte resten av året på å styrke stillinga si i Egypt.

Dei franske styresmaktene tok òg nytte av indre uro i Sveits og invaderte landet. Her oppretta dei Den helvetiske republikken og annekterte Geneve. Franske troppar avsette òg pave Pius VI og oppretta republikken Roma.

Ein styrke vart send til County Mayo for å støtte opp om opprøret mot Storbritannia sommaren 1798. Det hadde noko suksess mot dei britiske styrkane, særleg ved Castlebar, men vart til slutt slått då dei prøvde å nå Dublin. Franske skip vart sende for å assistere dei i erobringa av Royal Navy utanfor County Donegal.

Franskmennene var òg under press i Belgia der dei lokale innbyggjarane gjorde opprør mot verneplikta og antireligiøs vald (bondekrigen).

Franskmennene kjempa òg ein uerklært krig til sjøs mot USA, som vart kalla «kvasikrigen».

Krigen med Den andre koalisjonen[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Den andre koalisjonen.

Storbritannia og Austerrike organiserte ein ny koalisjon mot Frankrike i 1798, inkludert for første gong Russland. Det vart ikkje føreteke handlingar før 1799 bortsett frå mot Napoli.

1799[endre | endre wikiteksten]

I Europa sette dei allierte i gang fleire invasjonar, mellom anna felttog i Italia og Sveits og ein engelsk-russisk invasjon av Nederland. Den russiske general Aleksandr Suvorov påførte franskmennene fleire tap i Italia og dreiv dei attende til Alpane. Dei allierte var derimot ikkje like heldige i Nederland, der britane trekte seg tilbake etter at kampane hadde gått i stå (men dei klarte å fange den nederlandske flåten) og i Sveits, der den russiske armeen først hadde ein del suksess, vart dei til slutt slått fullstendig i det andre slaget ved Zürich. Dette tilbakeslaget, samt at britane insisterte på å starte skipsfart i Austersjøen, gjorde at Russland trekte seg frå koalisjonen.

Napoleon sjølv invaderte Syria frå Egypt, men etter ei mislukka omleiring av Akko trekte han seg attende til Egypt, og slo tilbake ein britisk-tyrkisk invasjon. Han høyrde om ei politisk og militær krise i Frankrike og vende attende her, medan armeen hans var attende i Egypt. Han nytta populariteten sin og fekk støtte hos militæret til å gjere eit kupp som gjorde han til førstekonsul, leiaren av den franske regjeringa.

1800[endre | endre wikiteksten]

Napoleon sende Moreau til Tyskland og sette i sjølv i gang å samle saman ein ny arme i Dijon. Med denne marsjerte han gjennom Sveits og gjekk til åtak på dei austerrikske armane i Italia bakfrå. Han klarte så vidt å unngå å verte slått, og slo austerrikarane i Marengo og okkuperte Nord-Italia på ny.

Moreau invaderte samstundes Bayern og vann eit stort slag mot Austerrike i Hohenlinden. Moreau heldt fram mot Wien og austerrikarane bad på ny om fred.

1801[endre | endre wikiteksten]

Austerrikarane forhandla fram Lunéville-traktaten, og godtok i praksis dei same vilkåra som i den førre Campo Formio-traktaten. I Egypt invaderte osmanarane og britane til Egypt og fekk til slutt drive franskmennene ut av landet etter at Kairo og Alexandria fall.

Storbritannia heldt fram krigen til sjøs. Ein koalisjon av ikkje-stridande land, inkludert Preussen, Russland, Danmark-Noreg og Sverige, gjekk saman for å verne nøytral skipsfart frå blokaden til Storbritannia, og dette førte til at Nelson gjorde eit overraskande åtak på den danske flåten i hamna i slaget ved København.

1802[endre | endre wikiteksten]

I 1802 signerte britane Amiens-traktaten som enda krigen og anerkjende dei franske erobringane. Dette vart starten på den lengste perioden med fred i åra 1792-1815. Fredsperioden vert rekna som overgangen mellom dei franske revolusjonskrigane og napoleonskrigane. Napoleon vart krona til keisar i 1804.

Resultat[endre | endre wikiteksten]

Den første franske republikken, som i utgangspunktet var særs nær okkupasjon og kollaps, hadde slått alle fiendane sine og produsert ein revolusjonshær som det tok dei andre nasjonane fleire år å kappast med. Med erobringa av venstrebreidda av Rhinen og herredømet over Nederland, Sveits og Italia, hadde republikken oppnådd nesten alle måla som monarkane frå Valois og Bourbon hadde prøvd å oppnå i mange hundreår.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]