Dei kantabriske fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei kantabriske fjella
spansk Cordillera Cantábrica
Fjellkjede
none  Picos de Europa ovanfor landsbyen Sotres i Cabrales
Picos de Europa ovanfor landsbyen Sotres i Cabrales
Kalla opp etter: Cantabria
Land Flag of Spain.svg Spania
Region Den iberiske halvøya
Grensar til Pyreneane, Galicia
Høgaste punkt Torre de Cerredo
 - høgd 2 648 moh
 - koordinatar 43°11′51″N 04°51′06″W
Lengd 300 km, vest-aust
Breidde 50 km, nord-sør
Den raude linja syner kor Dei kantabriske fjella ligg nord i Spania
Den raude linja syner kor Dei kantabriske fjella ligg nord i Spania
Pico Tres Mares (2175 moh) og Peña Labra (2018 moh)
Typisk fjellandskap i Dei kantabriske fjella.

Dei kantabriske fjella (spansk Cordillera Cantábrica) er ei fjellkjede som strekkjer seg meir enn 300 km nord i Spania, frå dei vestlegaste områda av Pyreneane (Baskarfjella) til grensa til Galicia og nær kysten av Biscayabukta. Det finst mange turstiar i Dei kantabriske fjella, samt mange utfordrande klatreruter. Skisport er mogeleg i skisentra Alto Campoo, Valgrande-Pajares og Manzaneda.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei kantabriske fjella strekkjer seg frå aust til vest, nesten parallelt til kysten, så langt som til fjellovergangen Leitariegos. Ho strekkjer seg òg sørover mellom León og Galicia. Den vestlege grensa til fjellkjeda er markert av elvedalen Miño (portugisisk Minho), den lågare Sil, som munnar ut i Miño og av Rio Cabrera, ei lita sideelv til Sil.

Nokre geografar reknar fjella i Galicia, bortanfor Miño som ein del av det same systemet, medan andre berre nyttar namnet om den austlege halvdelen av høglandet mellom Galicia og Pyreneane, og kallar den vestlege halvdelen Asturiasfjella. Det er òg mange lokale namn på dei mindre fjellkjedene og ryggane i fjella, mellom anna Picos de Europa.

Dei kantabriske fjella er merkverdige på grunn av dei mange forgreiningane, men nesten alle stader, og særleg i aust, er det mogeleg å skjelne to hovudkjeder. Frå desse går det mindre ryggar og fjellmassar ut til sidene. Ei av fjellkjedene, eller rekkjer av fjellkjeder, følgjer kystlinja tett, medan den andre, som er høgare, dannar den nordlege grensa for den store høgsletta Castilla y León og vert stundom rekna som ei forlenging av Pyreneane. Kystfjella stig somme stader bratt opp frå havet, og mange av elvane på denne sida av fjella er derfor ofte korte og raske.

Sørsida av fjellkjeda er slakare ned mot høgsletta i Castilla med fleire store elvar. Ebro er ei av elvane som spring ut her. Breidda til Dei kantabriske fjella, med alle forgreiningane, er om lag 60 km i aust til om lag 115 km i vest. Mange av toppane er over 2000 meter høge, men dei høgaste fjella finn ein langs den sentrale ryggen på grensa mellom León, Asturias, Palencia og Cantabria. Her er dei høgaste fjella Torre de Cerredo (2648 moh), Peña Vieja (2615 moh), Peña Prieta (2531 moh) og Espigüete (2407 moh). Ein fjell topp utan namn i Picos de Europa, stig opp frå høgrebreidda av Rio Sella til ei høgd på 2452 moh. Lenger vest ligg fjella Manpodres, Peña Ubiña, Peña Rubia og Cuiña som alle når over 2100 moh. Både i fjellkjeda og den tilstøytande høgsletta finst mange isolerte platå med høge fjell og bratte fjellveggar imellom.

Dei kantabriske fjella dannar eit skarpt skilje mellom «Grøne Spania» i nord og det tørre sentralplatået i sør. Nordsida får ein god del nedbør i samband med lågtrykka i Biscayabukta, medan sørsida ligg i regnskuggen.

Sierra de Ancares er ei forlenging sørvestover frå Dei kantabriske fjella, og dannar grensa mellom Galicia og Léon.

Dyre- og planteliv[endre | endre wikiteksten]

Dei kantabriske fjella er heim for mange viktige planter, samt den kantabriske brunbjørnen (Ursus arctos pyrenaicus), som er utryddingstruga. Bjørnen vandrar frå Léon til område i Palencia og Cantabria. I tillegg finst her tiur (T. urogallus cantabricus).

Andre dyr som finst i fjella er iberiaulv (Canis lupus signatus), pyreneisk gemse (Rupicapra pyrenaica) og rebeco, eller kantabrisk gemse (Rupicapra pyrenaica parva).

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Det ligg viktige naturparkar i Dei kantabriske fjella som Picos de Europa nasjonalpark, ein park som er ein del av verdsnettverket til UNESCO av biosfærereservat og nokre av dalane er med i EU-prosjektet Natura 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 43°00′N 5°00′W