Dei kvite klippene ved Dover
Dei kvite klippene ved Dover (engelsk White cliffs of Dover) er kalkklipper langs den britiske kysten som vender mot Doversundet og Frankrike. Klippene er ein del av formasjonen North Downs. Klippeveggen har ei høgd på opp til 107 meter[1], og består av kvitt kritt (heilt kvit kalsiumkarbonat) med striper av svart flintstein innimellom. Klippene strekkjer seg aust og vest frå byen Dover i grevskapet Kent. Dover er ein gammal hamneby i England.
Klippene har stor symbolsk verdi for Storbritannia sidan dei vender mot det europeiske fastlandet ved den smalaste delen av Den engelske kanalen. Gjennom historia har mange invasjonar trua britane her og klippene har vore ei symbolsk vakt. Vegen over Doversundet var den vanlegaste vegen til England før flyreiser vart vanleg, og dei kvite klippene er òg det siste ein ser når ein forlet landet denne vegen.
Shakespeare Cliff markerer staden der England er nærast det europeiske fastlandet. På ein klår dag er det lett å sjå klippene frå kysten av Frankrike.
Innhaldsliste |
Geologi [endre]
Klippene består av mjuk, kvit kalkstein med ein særs finkorna struktur, hovudsakleg av coccolittar, plater med kalsiumkarbonat danna av skalet på coccolitophoride, eincella plankton-liknande alger. Flintstein og kvarts finst òg innimellom kalksteinen.[2]
Kvite kalkklipper som dei i Dover finn ein òg på mindre skala på dei danske øyane Møn og Langeland eller langs kysten av øya Rügen i Tyskland. Klippene er utsett for konstant erosjon og eroderer i snitt 1 cm innover kvart år. Så nyleg som i 2001 fall derimot ein bit like stor som ein fotballbane ut i kanalen. Vitjande vert derfor oppfordra til å halde seg borte frå klippekanten.[3].
Økologi [endre]
Forskjellige fuglar hekkar i klippeveggen, som havhest og koloniar av krykkje.
Forsvar [endre]
Bak klippeveggen ligg fleire kilometer med skjulte tunnelar som vart bygde i mellomalderen og som spelte ei rolle i forsvaret av Storbritannia under napoleonskrigane. Tunnelane vart seinare forstørra og vart dei hemmelege krigstunnelane under Dover Castle.
I populærkulturen [endre]
- I Matthew Arnold-diktet «Dover Beach» frå 1867, har klippene ein beroligande styrke. Rudyard Kipling-diktet «The Broken Men» frå 1902 endar med linjene «How stands the old Lord Warden? Are Dover's cliffs still white?» («Korleis står gamle Lord Warden. Er Dovers klipper framleis kvite?») og er eit symbol på heimlengselen til engleksmenn i utlandet. Den mest kjende referansen til klippene er kanskje songen «(There'll Be Bluebirds Over) The White Cliffs of Dover» frå den andre verdskrigen sungen av Vera Lynn. Bluebird eller austhyttesongar har derimot aldri eksistert i England.
- Andre folk som har sunge om dei kvite klippene er mellom anna Jim Reeves, Jimmy Cliff, Glenn Miller, The Righteous Brothers, Kay Kyser, Kate Smith, Blur, Coil, The Desemberists, Louis Prima, Robson og Jerome, Clutch, Andrew Bird, Current 93, Fatboy Slim og The Late Morning Risers.
- I Kong Lear av William Shakespeare prøver jarlen av Gloucester å ta sjølvmord ved å hoppe utfor klippene i Dover.
Sjå òg [endre]
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Dei kvite klippene ved Dover» frå Wikipedia på engelsk, den 12. januar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: