Dei langerhanske øyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei langerhanske øyane er ei cellegruppe som finst i bukspyttkjertelen og produserer endokrine hormon.

Dei langerhanske øyane utgjer 1-2 % av massen i bukspyttkjertelen. Dei er sett saman av tre celletypar som produser kvar sine tre hormon: alfacellene står for produkjsonen av glukagon, dei mange betacellene for insulin, medan deltacellene utsondrar somatostatin. Der er òg PP celler og D1 celler, men ein kjenner lite til desse førebels.

Øyane vart oppdaga i 1869 av den tyske anatomikaren Paul Langerhans og fekk namn etter han.

Hormon

Celletype

Funksjonen til hormonet

insulin betacellene regulerer blodsukkernivået
glukagon alfacellene regulerer blodsukkernivået
somatostatin deltacellene moteverker produksjonen av dei to andre hormona