Dei lepontinske Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei lepontinske Alpane
fransk Alpes lépontines, tysk Lepontinische Alpen, italiensk Alpi Lepontine
Fjellkjede
none  Monte Leone
Monte Leone
Land Flag of Switzerland.svg Sveits, Flag of Italy.svg Italia
Regionar Valais, Ticino, Graubünden, Uri, Piemonte
Del av Alpane
Grensar til Bern-Alpane, Urner-Alpane, Wallis-Alpane, Glarus-Alpane, Oberhalbsteinfjella
Høgaste punkt Monte Leone
 - høgd 3 552 moh
 - koordinatar 46°24′N 8°08′E
Dei sentrale Alpane
Dei sentrale Alpane

Dei lepontinske Alpane (fransk Alpes lépontines, tysk Lepontinische Alpen, italiensk Alpi Lepontine) er ei fjellkjede sentralt i Alpane. Ho ligg i Sveits (Valais, Ticino og Graubünden) og Italia (Piemonte). Furkapasset, St. Gotthard-passet og den øvre Rhônedalen ligg mellom fjellkjeda og Bern-Alpane. På andre sida av Rhônedalen ligg Uri-Alpane, medan Simplonpasset ligg mellom fjellkjeda og Wallis-Alpane. Vorderrheindalen og Oberalppasset ligg mellom fjella og Glarus-Alpane. På andre sida av Splügenpasset ligg Dei sentrale Alpane (Oberhalbsteinfjella).

Vatn Dei lepontinske Alpane renn ned via elvane Rhône i vest, Reuss i nord, Rhinen (Vorderrhein og Hinterrhein) i aust og Ticino og Toce i sør.

Simplontunnelen, som går frå Brig til Domodossola, St. Gotthard-tunnelen (frå Andermatt til Airolo) og San Bernardino-tunnelen er viktige transportårer.

Den austlege delen av Dei lepontinske Alpane frå St. Gotthard-passet til Splügenpasset vert stundom kalla Adula-Alpane.

Fjelltoppar[endre | endre wikiteksten]

Dei høgste fjelltoppane i Dei lepontinske Alpane er:

St. Gotthard-passet
Gerenpass
Greina-passet
Basodino
Piz Medel
Namn Høgd
Monte Leone 3 561
Rheinwaldhorn 3 402
Güferhorn 3 393
Blinnenhorn 3 374
Pizzo Tambo 3 279
Monte Basòdino 3 272
Helsenhorn 3 274
Wasenhorn 3 246
Ofenhorn 3 242
Scherbadung 3 213
Piz Medel 3 210
Scopi 3 200
Pizzo Rotondo 3 192
Pizzo dei Piani 3 158
Piz Terri 3 149
Piz Aul 3 124
Pizzo Pesciora 3 123
Witenwasserenstock 3 082
Campo Tencia 3 071
Leckihorn 3 069
Bruschghorn 3 056
Alperschällihorn 3 036
Piz Blas 3 023
Monte Giove 3 010
Pizzo Centrale 3 003
Pizzas d'Anarosa 3 002
Piz Beverin 2 998
Weisshorn i Splugen 2 992
Pizzo Lucendro 2 959
Piz Tomül 2 949
Piz Cavel 2 944
Bärenhorn 2 932
Piz Badus 2 928
Piz Muraun 2 899
Zervreilahorn 2 898
Monte Cistella 2 851
Piz Lukmanier 2 778
Monte Prosa 2 738
Pizzo Columbe 2 549
Camoghè 2 226
Piz Mundaun 2 065
Monte Generoso 1 704
Monte San Salvatore  916

Fjellovergangar[endre | endre wikiteksten]

Dei viktigaste fjellovergangane i Dei lepontinske Alpane er:

Fjellovergang Stad Type Høgd (m)
Zapportpasset Hinterrhein til Malvaglia og Biasca snø 3 079
Guferlücke Canaltal til Lentatal (nær Vals i Sveits) snø 2 980
Lentalücke Hinterrhein til Vals snø 2 954
Hohsandpasset Binn til La Frua (Toce-fossane) snø 2 927
Leckipasset Realp til Oberwald i Valais snø 2 912
Passo Rotondo Airolo til Oberwald snø 2 880
Kaltwasserpasset Simplon Hospice til Alpe Veglia snø 2 844
Scaradrapasset Vals til Olivone sti 2 770
Satteltelücke Vals til Vrin sti 2 768
Ritterpasset Binn til Alpe Veglia snø 2 692
Cavannapasset Realp til Bedretto snø 2 611
Scatta Minoja Devero til Formazza ridesti 2 597
Bocca di Cadlimo Airolo til Lucmagnpasset sti 2 542
Valserberg Hinterrhein til Vals ridesti 2 507
Safierberg Splügen til Safien ridesti 2 490
Nufenenpasset Ulrichen til Airolo veg 2 478
Geisspfadpasset Binn til Devero sti 2 475
Griespasset Ulrichen til La Frua ridesti 2 468
Passo di Naret Fusio til Airolo ridesti 2 443
Passo Valtendra Alpe Veglia til Devero og Baceno ridesti 2 431
Diesrutpasset Vrin til Somvix ridesti 2 424
Albrunpasset Binn til Devero og Baceno ridesti 2 410
Greinapasset Olivone til Somvix ridesti 2 360
San Giacomopasset Airolo til La Frua ridesti 2 308
Passo di Buffalora Mesocco til Val Calanca sti 2 265
Passo dell'Uomo Quinto i Sveits til Lucmagnpasset ridesti 2 212
Splügenpasset Thusis til Chiavenna veg 2 117
St. Gotthard-passet Andermatt til Airolo veg 2 114
San Bernardino-passet Thusis til Bellinzona veg 2 063
Lucmagnpasset Disentis/Mustér til Olivone veg 1 917

Brear[endre | endre wikiteksten]

Dei største isbreane :

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]