Dei magellanske skyene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei magellanske skyene

Dei magellanske skyene er ei nemning på dei to galaksane Den store magellanske skya og Den vesle magellanske skya, som er dei to næraste eksterne galaksane til Mjølkevegen. Begge galaksane er lett synlege for det nakne auga på den sørlege himmelhalvkula, der dei har tilsynelatande diametrar på 6° (Den store magellanske skya) og 3° (Den vesle magellanske skya). Avstandane til dei har vore estimerte til å vera 170 000 og 190 000 lysår respektivt. Skyene er nærme nok til at ein kan studera stjerner og tåker i dei. Slike observasjonar er ikkje moglege i meir fjerne galaksar. Til dømes vart periode-lysstyrke-forholdet for kefeidar fastsett i 1912 av Henrietta Leavitt gjennom studiar av Den vesle magellanske skya.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen byggjer på artikkelen «Magellanic Clouds» s. 240 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.