Dei masuriske sjøane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Segling på Mikołajki.

Dei masuriske sjøane (polsk: Pojezierze Mazurskie, tysk: Masurische Seenplatte) er eit innsjødistrikt nordaust i Polen som inneheld meir enn 2 000 innsjøar og vatn.

Det strekkjer seg om lag 290 km austover frå den nedre delen av Wisla til grensa mellom Polen og Litauen, og dekkjer eit areal på om lag 52 000 km². Administrativt er innsjøane ein del av Ermelandskmasuriske voivodskap. Frå 1200-talet til 1945 vart dei ein del av Aust-Preussen. Små delar av distriktet ligg i Masoviske voivodskap og Podlasie-voivodskapet.

Innsjøane oppstod under pleistocen-istida. Mange av åsane rundt innsjøane er morener og mange av innsjøane er fjordsjøar.

Koordinatar: 54°00′N 22°00′E