Dei moravisk-schlesiske Beskidane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei moravisk-schlesiske Beskidane
Dei moravisk-schlesiske Beskidane - Nordsida av Smrkmassivet tidleg på våren
Nordsida av Smrkmassivet tidleg på våren
Høgd over havet 1 323 m
Ligg i/på Tsjekkia og Slovakia
Fjellkjede Beskidane
Fjelltype Fjellkjede

Dei moravisk-schlesiske Beskidane (tsjekkisk Moravskoslezské Beskydy) er ei fjellkjede i Tsjekkia med ein mindre del i Slovakia. Ein mindre austleg del av fjella er ein del av det historiske området Cieszyn Silesia. Dei moravisk-schlesiske Beskidane utgjer den største delen av det verna landskapet Beskydy (tsjekkisk: Chráněná krajinná oblast Beskydy eller CHKO Beskydy).

80 % av fjella er dekte av skog, hovudsakleg gran, som i delar av området er kraftig øydelagd av utslepp frå industriområdet Ostrava. Området er ein populær feriestad både om vinteren (Bílá, Pustevny) og sommaren, med senter i landsbyar ved foten av fjella (Frýdlant nad Ostravicí, Frenštát pod Radhoštěm, Rožnov pod Radhoštěm).

Dei moravisk-schlesiske Beskidane er ein del av Vest-Karpatane, og består hovudsakleg av flysj med bratte skråningar (særleg i nord). Det høgaste punktet er Lysá hora med ei høgd på 1 323 meter, og vert rekna som den mest regnfulle staden i Tsjekkia med ein midla årsnedbør på rundt 1 500 mm. Radhošť på 1 129 meter er eit anna velkjend fjell.

Fjellkjeda er skild frå Dei schlesiske Beskidane i nord av Jablunkovpasset og frå Vsetínské vrchy i sør av elva Rožnovská Bečva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]