Dei nordiske leikane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Plakat for «Nordiska Spel 1901»

Dei nordiske leikane eller nordiska spelen var nordiske vintersporttevlingar som vart arrangerte sju gonger i tida 1901- 1926 av Sveriges centralförening för idrottens främjande. Kva for idrettsgreiner som stod på programmet, varierte noko mellom dei ulike arrangementa. Dei nordiske leikane er sett på som ein forløpar for dei olympiske vinterleikane.

Leikane skilde seg frå dei olympiske leikane både innan ideologi og program. Idrettsgreiner som sparkstyttingsløp og skeise-segling er døme på greiner i dei nordiske leikane som ikkje vart sette opp på programmet for dei seinare olympiske vinterleikane. Leikane vart prega av nasjonalistisk manifestering av nordisk kampglød og kultur. Dette såg ein att i valet av idrettsgreiner. Derfor fann ein òg plass for idrettsgreiner som ikkje vert knytt til vinteridrett, så som tradisjonell militæridrett og linjegymnastikk. I tillegg til idrettstevlingane vart det arrangert utstillingar og andre tilstellingar som skulle syne kva for kvalitetar Norden hadde vinterstid.

Leikane vart store folkefester som vekte merksemd også utanfor Norden. Utanlandske idrettsmenn vart inviterte til å delta, men det var mest svenskar som deltok.

Arrangørstader[endre | endre wikiteksten]

Alle leikane utanom ein vart haldne i Sverige.

1901 9. til 17. februar Stockholm
1903 i februar Kristiania - Nordisk vintersportveke
1905 4. til 12. februar Stockholm/Östersund
1909 6. til 14. februar Stockholm
1913 7. til 16. februar Stockholm/Östersund
1917 10. til 18. februar Stockholm
1922 4. til 12. februar Stockholm
1926 6. til 14. februar Stockholm


Kjleder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne idrettsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.