Dei nordungarske mellomfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei nordungarske mellomfjella i Ungarn
Dalen Lillafüred i Bükkfjella. Dette er eit typisk landskap frå dei ungarske fjella.

Dei nordungarske mellomfjella eller Dei nordlege åsane (ungarsk Északi-középhegység) er dei nordlege, fjellkledde områda av Ungarn. Fjella glir over i Mátra-Slanec-området på andre sida av grensa i Slovakia. Dei dannar eit separat geomorfologisk område i Dei indre Vest-Karpatane. Fjellkjeda går over Nordaust-Ungarn og langs den austlege delen av grensa mellom Ungarn og Slovakia i eit breitt belte frå Donausvingen til byen Prešov.

Underinndeling[endre | endre wikiteksten]

Området er igjen vidare delt inn:

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dei nordungarske fjella byrjar med fjellkjeda Börzsöny, ved Donausvingen, der ho møter Dei transdanubiske mellomfjella. Börzsöny dekkjer eit område på om lag 600 km² og har hovudsakleg vulkansk opphav. Den høgaste toppen her er Csóványos på 938 moh.

Den neste fjellkjeda mot aust er Cserhát med same bergartar som Börzsöny. Dette er den lågaste delen av Dei nordungarske mellomfjella og er meir eit åslendt område. Det høgaste punktet her er Teke på 566 moh.

Kékes, det høgaste fjellet i landet med 1 014 meter over havet, ligg i den neste kjeda, Mátra. Middelhøgda til fjellkjeda er derimot berre 600 m. Mátra har òg vulkansk opphav.

Kart over Karpatane. Dei nordungarske mellomfjella er den sørlegaste delen av område 2.

Bükk er ei kalksteinskjede og er den høgaste fjellkjeda ut frå middelhøgd i Ungarn. Han har mange grotter, og nokre av dei var busett av menneske i førhistorisk tid.

Aggtelek Karst er ei låg (300-500) kjede forholdsvis nær grensa til Slovakia. Her ligg mellom anna grotta Baradla, den mest populære grotta i Ungarn.

Zemplén har vulkansk opphav og jordsmonnet her er svært gunstig for vindyrking.

Naturressursar[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalparkar[endre | endre wikiteksten]

Verna område[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Panorama av Börzsöny