Dei pontiske fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei pontiske fjella
Fjellkjede
none  Panorama over Dei pontiske fjella i 2007
Panorama over Dei pontiske fjella i 2007
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia, Flag of Georgia.svg Georgia
Høgaste punkt Kaçkar Dağı
 - koordinatar 40°50′N 41°09′E

Dei pontiske fjella (tyrkisk Kuzey Anadolu Dağları) er ei fjellkjede nord i Tyrkia, òg kjend som Parharfjella. Parhar kjem frå det hittitiske ordet som tyder høg eller topp..[1]

Fjellkjeda går om lag frå aust til vest, parallelt og nær sørkysten av Svartehavet og strekkjer seg nordaust til Georgia. Den høgaste toppen i fjellkjeda er Kaçkar Dağı, som har ei høgd på 3937 meter over havet. Den nordanatoliske forkastinga og Den nordaustanatoliske forkastinga, som er horisontalforkastingar, somg år langs heile fjellkjeda. Fjella er generelt dekte av tett skog, hovudsakleg barskog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Karadeniz Ansiklopedik Sözlük.

Koordinatar: 40°30′N 40°30′E