Dei sameinte Río de la Plata-provinsane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Provincias Unidas del Río de la Plata
(Provincias Unidas de Sudamérica)

Dei sameinte Río de la Plata-provinsane
Konføderasjon

1810–1831
 

 

Våpenet til Río de la Plata

Våpen

Plasseringa til Río de la Plata
Plasseringa til Río de la Plata
Dei sameinte provinsane i 1816, under både sjølvstendekrigen og borgarkrigen.
Hovudstad Buenos Aires
(1810-1820)
(1826-1827)
Språk Spansk
Religion Kristendom
Styreform Republikk
Historisk periode Napoleonskrigane
 - Mairevolusjonen 25. mai 1810
 - Sjølvstendeerklæring 9. juli 1816
 - Slaget ved Cepeda 1. februar 1820
 - Montevideo-taktaten
Sjølvstende for Uruguay
28. august 1828
 - Pacto Federal 4. januar 1831
Valuta Real (etter 1813)
Sol (etter 1815)
Peso fuerte (etter 1826)

Dei sameinte provinsane i Sør-Amerika, eller Dei sameinte Río de la Plata-provinsane var namn som blei brukt om det tidlegare visekongedømet Río de la Plata etter at det hadde gjort opprør mot den spanske kolonimaktar i Mairevolusjonen i 1810. Landet gjekk gjennom ein sjølvstendekrig og borgarkrig, og enda opp som Argentina. Buenos Aires var hovudstad i landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei sameinte provinsane grensa mot dei grisgrendte Pampas-områda og Patagonia i sør, der det budde mapuch-, ranquel- og puelchefolk. I vest, på andre sida av Andes, låg det spanske generalkapteinatet Chile. I nordvest låg visekongedømet Peru, som også tilhøyrde Spania. Gran Chaco i nord var folkesett av guaycurufolk, medan den portugisiske kolonien Brasil låg i nordaust. I aust hadde landet kyst mot Atlanterhavet.

Dei sameinte provinsane rundt 1820 i samtidig kartografi (1821: Carte de Physique et Politique de L'Amerique Meridional. 2, 1822: The American Atlas by Carey & Lea. 3 1825: South America by Fisher.)

Historie[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Mairevolusjonen.

Dei sameinte Río de la Plata-provinsane utvikla seg gjennom ein langvarig prosess som byrja i mai 1810, då borgarar og militsar i Buenos Aires, hovudstaden i visekongedømet Río de la Plata, avsette den spanske visekongen Baltasar Hidalgo de Cisneros. Medan den første nye regjeringa (Primera Junta) erklærte seg lojale mot den avsette kong Ferdinand VII, blei det nye landet etterkvart ein sjølvstendig republikk som forkasta koloniherredømet. Inspirasjon for endringane kom frå den spanske opplysingstida, medan den spanske sjølvstendekrigen mot Frankrike som tvinga spanske kongar til å abdisera førte til eit maktvakuum i høve til Spania.

Tidleg motstand frå den sjølverklærte visekongen Javier de Elío i Banda Oriental, tidlegare visekonge Santiago de Liniers i Córdoba og ikkje minst visekongedømet Peru medførte utkjempinga av den argentinske sjølvstendekrigen frå 1810 til 1818. Samstundes hadde landet mange indre konfliktar kring utforminga av styret i landet, og gjekk gjennom fleire kupp, opprør, politiske rettssaker, forvisingar og fengslingar før den første av ein serie borgarkrigar braut ut. Maktfordelingsprinsippet blei etterkvart ein måte ein prøvde å hindra despotisme på.[1] Den nye politiske stoda la bar stor politisk konflikt mellom ulike rørsler og område i provinsane, mellom rojalistar, som meinte ein skulle halda på kongsmakta gjennom kongelege embetsfolk, og såkalla patriotar, som meinte at styret gjekk tilbake til folket når det mangla ein monark. Ei anna konflikt gjekk ut på om Río de la Plata-provinsane skulle ha ei sterk sentralmakt eller om provinsane skulle ha meir å seia i ei større nasjonalforsamling. Provinsane blei opphavleg styrt av ein Primera Junta, som berre inneheldt representantar frå Buenos Aires. Seinare kom representantar frå dei andre provinsane til, og regjeringa blei kjend som Junta Grande. Denne blei avløyst av eit triumvirat med tre utvalde leiarar, som igjen blei erstatta med ein «øvste direktør» av År 13-forsamlinga i 1813.

Dei sameinte Río de la Plata-provinsane erklærte formelt sjølvstende i 1816. Dei mange konfliktane førte til at ei rekkje provinsane skilde seg ut til eigne land. Charcas, Cochabamba, Mizque, Chichas og Tarija danna Bolivia, Banda Oriental (aust-provinsen) blei til Uruguay og Misiones Orientales blei del av Brasil etter krigen mellom Brasil og Argentina. Dei gjenverande provinsane danna den argentinske konføderasjonen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ternavasio, p. 12

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]