Dei store nordveggane i Alpane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordsida av Grandes Jorasses

Dei seks store nordsidene i Alpane er kjend for sine bratte og høge fjellsider med vanskelege klatreruter. Dei seks nordsidene er:

I 1930-åra kjempa dei beste fjellklatrarane om å vere dei første til å klatre alle desse seks fjellsidene. Gaston Rébuffat, ein fjellguide frå Chamonix og kjend fransk fjellklatrar vart den første til å klatre opp alle seks sidene. Boka hans Etoiles et Tempêtes (Stjernelys og storm) fortel om desse klatreturane.

Tre av desse nordsidene — Eiger, Matterhorn og Grandes Jorasses — er mykje vanskelegare å klatre enn dei andre tre. Dermed vart dei kalla «Triologien». Den første som klatra desse tre i løpet av same året av austerrikaren Leo Schlömmer, frå sommaren 1961 til sommaren 1962. Ivano Ghirardini var den første som klatra Triologien om vinteren, aleine i 1977-1978.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Anker, Daniel (ed.) (2000) Eiger: The Vertical Arena. Seattle: The Mountaineers.
  • Bonatti, Walter (2001). The Mountains of My Life. New York: Modern Library. ISBN 0-375-75640-X.
  • Hargreaves, Alison (1995). A Hard Day's Summer: Six Classic North Faces Solo. London: Hodder & Stoughton. ISBN 0-340-60602-9
  • Rébuffat, Gaston (1999). Starlight and Storm: The Conquest of the Great North Faces of the Alps. New York: Modern Library. ISBN 0-375-75506-3