Dei sentrale bøhmiske fjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dei sentrale bøhmiske fjella (tsjekkisk České středohoří, tysk Böhmisches Mittelgebirge) er ei fjellkjede i Nord-Böhmen i Tsjekkia. Fjelltoppane har vulkansk opphav, og den høgaste toppen er Milešovka (836 m). Ryggen er om lag 80 km lang, og elva Elbe kryssar gjennom ho.

Ein kan krysse fjella på motorveg D8 mellom Praha og Dresden.

Dei sentrale bøhmiske fjella sett frå Házmburk