Dei sju dygdene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pacientia (tolmod), trykk av Sebald Beham 1540

De sju dygdene, eller dei sju kardinaldygdene, er dei positive spegleigenskapane til dei sju dødssyndene i romersk-katolsk kristendom. Dei spelte ei stor rolle for etiske diskusjoner i mellomalderen. Det norske ordet dygd kjem frå norrønt dygð, som er i slekt med å duge. Det latinske ordet for dygd er «virtus» som tyder styrke, (frå «vir», dvs. mann).

Prudentius’ liste[endre | endre wikiteksten]

Lista med Dei sju dygdene skriv seg frå eit dikt av 400-tals-poeten Aurelius Clemens Prudentius, Psychomachia, som tek opp kampen mellom det gode og det vonde.

  1. Dygd - virtus (i motsetnad til vellyst)
  2. Gjevmilde - liberalis (i motsetnad til grådigskap)
  3. Måtehald - frenum (i motsetnad til fråtsing)
  4. Flid - industria (i motsetnad til latskap)
  5. Tolmod - patientia (i motsetnad til vreide)
  6. Godleik - humanitas (i motsetnad til misunning)
  7. Audmykt - humilitas (i motsetnad til hovmod)

Kardinaldygdene[endre | endre wikiteksten]

Mot, visdom, måtehald og rettferd er Platons fire klassiske kardinaldygder. Kristen teologi legg gjerne til, frå 1. Kor. 13: Tru, von og kjærleik. Desse sju utgjer til saman dei sju kardinaldygdene:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lista er omsett frå bokmålswikipediaen med tillegg frå nederlandsk wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Dei sju dygdene