Dei sju underverka
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei sju underverka var ei gruppe makelause byggverk i (den greske) antikken. Vi reknar til vanleg Antipater frå Sidon som opphavet til lista, fordi han nemnde dei sju underverka i eit dikt kring 140 f.Kr. Men tanken om sju underverk går lengre tilbake i tida; den tidlegaste kjende kjelda er Herodots Historie. I andre halvdelen av 200-talet f.Kr. skreiv Kallimakos frå Kyrene ei samling om verdas underverk, men denne gjekk tapt då biblioteket i Alexandria brann.
Sidan Antipater har fleire ulike lister blitt til. Blant anna samanlikna Plinius den eldre den romerske ingeniørkunsten - som akveduktar og kloakk - med dei greske byggverka. Den lista vi no kallar verdas sju underverk er eigentleg frå mellomalderen.
Dei sju underverka var:
- Kheopspyramiden
- Babylons hengande hagar
- Zevsstatuen i Olympia
- Artemistempelet i Efesos
- Mausollos gravtempel
- Kolossen på Rhodos
- Fyrtårnet på Faros
To kvar av desse underverka stod i det som nå er Hellas, Egypt og Tyrkia, og eitt stod i Irak. Det einaste som ennå står er Kheopspyramiden, som var den eldste av underverka. Kolossen på Rhodos stod derimot berre i 56 år, til han raste saman under eit jordskjelv. Dei hengande hagane i Babylon er det vi veit minst om - kan hende har dei aldri eksistert.
| Underverk | Dato | Byggd av | Øydelagt | Årsak |
|---|---|---|---|---|
| Kheopspyramiden | 2550 f.Kr | egyptarar | Er bevart | -- |
| Babylons hengande hagar | 600 f.Kr | babylonarar | ? | jordskjelv |
| Kolossen på Rhodos | 550 f.Kr | Anatolians | 356 f.Kr | jordskjelv |
| Zevsstatuen i Olympia | 435 f.Kr | grekarar | ? | brann |
| Mausoleet i Halikarnassos | 351 f.Kr | Carienarar | ? | jordskjelv |
| Artemistempelet i Efesos | 292-280 f.Kr | hellenistisk sivilisasjon | 224 f.Kr | jordskjelv |
| Fyrtårnet på Faros ved Alexandria | 299–279 f.Kr | hellenistisk sivilisasjon | 1375 | jordskjelv |
Grekanae nytta ikkje omgrepet «underverk», men "theamata" som er mer tilsvarar ordet «må sjåast».
Listen vi kjenner i dag vart produsert i Mellomalderen på ei tid da mange av underverka ikkje lenger eksisterte. Sidan lista stort sett kom frå greske nedteikningar, vart berre underverka som kunne vore kjende og besøkte av dei gamle grekarane inkludert.
Innhaldsliste |
[endre] Lister fra Mellomalderen
Ulike lister over sju undervek vart sette opp seinare i mellomalderen, utan at ein kjenner opphavet sikkert.
- Stonehenge
- Colosseum
- Kom el Shoqafa-katakomben
- Den kinesiske muren
- Porselenstårnet i Nanjing
- Hagia Sophia
- Det skeive tårnet i Pisa
Andre byggverk som har vore nemnde som underverk:
[endre] Moderne lister
I tråd med tidlegare tradisjon er det produsert mange lister opp igjennom åra over menneskeskapte underverk eller reisemål. Ei slik liste over vart sett opp av Hillman Wonders:[5]
[endre] Naturskapte under
Ei av mange lister er nedskriven av CNN med berre naturskapte under:[6]
- Grand Canyon
- Great Barrier Reef
- Rio de Janeiro havneområdet
- Mount Everest
- Aurora polaris
- Parícutin vulkan
- Victoriafalla
[endre] Referanser
- ↑ Palpa, as You Like it, page 67)
- ↑ The Complete Idiot's Guide to the Crusades (2001, page 153))
- ↑ The Rough Guide To England (1994, page 596))
- ↑ The Catholic Encyclopedia, v.16 (1913), page 74
- ↑ Hillman Wonders
- ↑ CNN Natural Wonders
[endre] Litteratur
- Cox, Reg, and Neil Morris, "The Seven Wonders of the Modern World". Chelsea House Publications: Library. October 2000. ISBN 0-7910-6048-9
- Cox, Reg, Neil Morris, and James Field, "The Seven Wonders of the Medieval World". Chelsea House Publications: Library. October 2000. ISBN 0-7910-6047-0
- D'Epiro, Peter, and Mary Desmond Pinkowish, "What Are the Seven Wonders of the World? and 100 Other Great Cultural Lists". Anchor. 1. desember, 1998. ISBN 0-385-49062-3
- Morris, Neil, "The Seven Wonders of the Natural World". Chrysalis Books. 30. desember, 2002. ISBN 1-84138-495-X
[endre] Eksterne lenkjer
[endre] Underverk frå oldtida
[endre] Andre undurverk
- The World's Top 100 Wonders - ei liste over dei fremste arkitektoniske, ingeniørmessige og naturlege underverk, sett saman av reiseskribenten Howard Hillman.
- WonderClub.com - «listenes liste» med informasjon om die fleste underverka
-->

