Dei syriske kystfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 35°15′N 36°06′E
Dei syriske kystfjella
fjellkjede
none  Kart over Syria som syner fjellkjeda
Kart over Syria som syner fjellkjeda
Land Flag of Syria.svg Syria
koordinatar 35°15′N 36°06′E
Syria location map3.svg
Locator Red.svg

Dei syriske kystfjella (arabisk سلسلة الجبال الساحلية, Silsilat al-Jibāl as-Sāḥilīyah) er ei fjellkjede nordvest i Syria som går nord-sør, parallelt til kystsletta.[1] Fjella har ei gjennomsnittleg breidde på 32 km og høgda er like over 1200 meter. Den høgaste toppen er Nabi Yunis på 1562 meter over havet, aust for Latakia.[1] I nord fell høgda ned til 900 meter over havet, og i sør til 600 meter over havet.

I antikken var fjella kjend som Bargylus[2] og under assasinane vart dei kalla Jabal Bahra (arabisk جبل بحراء).[3] Dei vert stundom òg kalla Nusayriyahfjella (arabisk جبال النصيرية, Jibāl an-Nuṣayriyah) eller Alawiyinfjella (arabisk جبال العلويين, Jibāl al-‘Alawīyin) og begge desse namna syner til den etno-religiøse gruppa alawi som tradisjonelt har levd her.

Vestsida av fjella tar i mot dei fuktige vindane frå Middelhavet og er derfor meir frodig og tettare folkesett enn austsida. Orontes flyt nordover langs sida av fjellkjeda på austsida i Ghabdalen, ein 64 km lang dal,[4] og så rundt nordkanten av fjellkjeda til Middelhavet. Sør for Masyaf er det ei stor forkasting som går nordaust til sørvest, mellom An-Nusayriyah-fjellet frå Libanonfjella ved kysten og Anti-Libanonfjella i Libanon, kalla Homskløfta.[1]

Mellom 1920 og 1936 danna fjella ein del av austgrensa mellom Alawitstaten i Det franske mandatet for Syria og Libanon.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Federal Research Division, Library of Congress (2005) «Country Profile: Syria» side 5
  2. Hackett, Horatio B. (editor) (1870) Dr. William Smith's Dictionary of the Bible: comprising its antiquities, biography, geography, and natural history (Volume IV, Regum-Melech to Zuzims) Hurd and Houghton, New York, s. 3142, OCLC 325913985
  3. Hunyadi, Zsolt; Laszlovszky, József, eds. The Crusades and the Military Orders: Expanding the Frontiers of Medieval Latin Christianity. Ceu Medievalia. Budapest: Department of Medieval Studies, Central European University, Central European University Press. s. 27. ISBN 963-9241-42-3. 
  4. Encyclopædia Britannica - Syria