Dei tamilske tigrane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dei tamilske tigrane, på engelske Liberation Tigers of Tamil Eelam (LTTE), er ei srilankisk opprørsgruppe som kjemper for ein sjølvstendig stat for tamilar, Tamil Eelam, på Sri Lanka.

Tigrane blei grunnlagd i 1976 og er leia av Velupillai Prabhakaran. Dei har utført fleire terroråtak i India og på Sri Lanka, og var blant dei første som tok i bruk sjølvmordsbombarar. Men organisasjonen er òg militært organisert, og har utført ei rekkje aksjonar mot den srilankiske statlege hæren. Tigrane kontrollerer i dag område nord øya og er i hovudsak fordrivne frå dei austlege delane. I 2001 gjekk dei med på ein våpenkvile med styresmaktene i Sri Lanka.

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.