Dei vestlege Ghatfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå Matheran ved Mumbai.

Dei vestlege Ghatfjella (eng. Western Ghats) eller Sahyadrifjella er ei fjellkjede som ligg langs den vestlege kysten av India. Fjellkjeda går nord-sør langs vestsida av Deccanplatået og skil det frå ei smal kystslette ved Det arabiske havet. Ho er rundt 1600 km lang.

Nordenden av Dei vestlege Ghatfjella ligg nær delstatsgrensa mellom Gujarat og Maharashtra, sør for elva Tapti. Fjellkjeda går gjennom Maharashtra, Goa, Karnataka, Tamil Nadu og Kerala før ho endar ved sørspissen av India i Kanyakumari.

Ordet «ghat» betyr trappetrinn. Ei tilsvarande fjellkjede, Dei austlege Ghatfjella, ligg aust i India.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dei vestlege Ghatfjella
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.