Dei vestlege Tatrafjella
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Dei vestlege Tatrafjella | |
|---|---|
|
|
|
| Høgd over havet | Bystrá (2248 moh) |
| Ligg i/på | |
| Fjellkjede | Tatrafjella |
Dei vestlege Tatrafjella (slovakisk Západné Tatry; polsk Tatry Zachodnie) er ein del av Tatrafjella, som igjen er ein del av Karpatane, på grensa mellom Polen og Slovakia. Fjella grensar til Høge Tatra i aust. I Slovakia ligg dei delvis i dei tradisjonelle regionane Liptov og Orava.
Den høgaste toppen er Bystrá er 2248 moh i Slovakia. Andre kjende fjell er Jakubiná (2194 m) Baranec (2184 m), Baníkov (2178 m), Tri kopy (2136 m) og Ostrý Roháč (2088 m) i Slovakia og Vysoký vrch (polsk Starorobociański Wierch 2176 m), Kasprov vrch (Kasprowy Wierch 1987 m) og Volovec (Wołowiec; 2064 m) på grensa mellom Slovakia og Polen.
[endre] Geologi og økologi
Dei vestlege Tatrafjella er verna av Tatranský národný park i Slovakia og Tatrzański Park Narodowy i Polen.
[endre] Sjå òg
- Dei austlege Tatrafjella – fjellkjede som grensar til Dei vestlege Tatrafjella i aust.