Deir Hanna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Deir Hanna
דֵיר חַנָּא, دير حنا, Deir Hana, Dayr Hanna
lokal kommune
Ruinane av borga til Dhaher al-Omar i Deir Hanna
Namneopphav: "John's Monastery"
Land  Israel
Distrikt Nord
Koordinatar 32°51′44.68″N 35°22′16.21″E / 32.8624111°N 35.3711694°E / 32.8624111; 35.3711694
Areal 7,5 km²
Folketal 8 500  (2005)
Folketettleik 1 133 / km²
Bystatus 1975
Borgarmeister Samir Hussein
Kart
Deir Hanna
32°51′45″N 35°22′16″E / 32.862411111111°N 35.371169444444°E / 32.862411111111; 35.371169444444
Wikimedia Commons: Deir Hanna

Deir Hanna (arabisk دير حنا, hebraisk דֵיר חַנָּא)[1] er ein lokal kommune i Nord distrikt i Israel, i åsane i Nedre Galilea, 23 km søraust for Akko. Mot slutten av 2005, hadde byen eit folketal på 8 500, kring 80 % av dei var muslimar og resten av dei 20 % var kristne.[2]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje ei kjelde, var Deir Hanna i krossfarartida eit len kalla «Ber Henne», som høyrde til Phillipe le Rous. I følgje Petersen er det ingen spor av krossfararane i landsbyen.[3]

Deir Hanna var basen til familien az-Zaydānī, og fekk slik ganske stor makt då Dhaher al-Omar kom til makta på 1700-talet.[3]

Deir Hanna om kvelden, sett frå Lotem.

Seint på 1800-talet vart han skildra slik: «Høge murar kring heile landsbyen, som er bygd av stein. Murane har runde tårn og vart bygd av sonen til Dhaher el Amr, Sad el Amr. Han ligg på toppen av ein høg kam, og er busett av kring 400 kristne. Han er omgjeve av olivenlundar og dyrkbar mark. Vatn kjem frå cisterner og ein gammal steinlagt birkeh nord for landsbyen.»[4]

I folketeljinga i 1931 hadde Deir Hanna 117 busette hus og eit folketal på 427 muslimar og 136 kristne.[5] I 1945 hadde han 750 arabiske innbyggjarar, som i alt eigd 15 350 dekar land.[6]

Under Operasjon Hiram, 29-31. oktober 1948, overgav byen seg til den framrykkande israelske hæren. Mange av innbyggjarane flykta nordover, men somme vart verande att og ikkje drivne bort av dei israelske soldatane.[7] Deir Hanna vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Byen har gått gjennom ein moderniserings prosess dei siste ti åra, og har no eit fullt utdanningssystem, helsevesen og idrettsanlegg. Deir Hanna dannar Land Day-triangeleg med Sakhnin og Arraba.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "The Convent of St John», according to Palmer, 1881, p125
  2. http://www.cbs.gov.il/population/new_2007/table3.pdf
  3. 3,0 3,1 Petersen, 2001, s. 132
  4. Conder and Kitchener, 1881, SWP, I, s. 364
  5. E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 100. 
  6. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April 1945. Quoted in S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970 s.40[daud lenkje]
  7. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s.226

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]