Dekadanse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Dekadanse (av lat. de, «ned» og cadere, «falle») er ei nemning litteraturkritikarar nytta om ei gruppe forfattarar som var verksame dei siste par tiåra av 1800-talet. Dei same forfattarane tok nemninga i bruk om seg sjølve, og gav nemninga eit positivt verd. Dekadansen var særleg knytt til litteratur- og kunstretninga symbolismen, og vert elles gjerne knytt til omgrepet fin de siècle.

Omgrepet dekadanse stammar frå teorien om at eit samfunn er i ei nedgangstid grunna moralsk forfall. Kroneksemplet er det gamle Roma, som det vart påstått gjekk under grunna dei styrande sine moralske utskeiingar. Omgrepet kan daterast tilbake til 1700-talets Frankrike, mellom anna hos Montesquieu. Det vart brukt av kritikarar som eit skjellsord mot Victor Hugo i sær, og allment om romantikken. Théophile Gautier og Charles Baudelaire markerte derimot avstand til positivisme og banal framskrittsoptimisme med den same nemninga.

I 1880-åra danna seg ei fast gruppering av franske forfattarar som kalla seg dekadentar. Det var Paul Verlaine som fyrst byrja kalla seg sjølv for dekadent, ei nemning som hadde vore nytta i ei samling parodier av Gabriel Vicaire and Henri Beauclair. Paul Verlaine var ein av skribentane i avisa Le Décadent, som vart skipa av Anatole Baju og kom ut mellom 1886 og 1889.

Verka av Charles Baudelaire vart ei viktig inspirasjonskjelde for dei dekadente forfattarane i Frankrike, som særleg er representert ved Stéphane Mallarmé, Paul Verlaine, Arthur Rimbaud, Paul Adam, Anatole Baju, Maurice Bouchor, René Ghil, Maurice Maeterlinck, Stuart Mérill, Jean Moréas, Francis Poictevin og fleire. Den mest kjende romanen frå denne gruppa er Joris-Karl Huysmans' À rebours frå 1884[1]. Som litterær rørsle vert dekadansen i dag rekna som ein overgang mellom naturalismen og modernismen.

I England vert forfattarane Oscar Wilde, Arthur Symons, Ernest Dowson, Eric Stenbock, Lionel Johnson, og illustratøren Aubrey Beardsley, rekna til dei dekadente, og i Austerrike og Tyskland stod Arthur Schnitzler, Rainer Maria Rilke og brørne Mann som dei fremste. Den belgiske biletkunstnaren Félicien Rops' erotiske kunst spelte òg ei viktig rolle.

I norsk litteraturhistorieskriving har dekadanse vorte brukt om verk som Trætte Mænd[2] av Arne Garborg og Mod Kvæld av Tryggve Andersen. I skandinavisk litteratur elles vert Herman Bang, Ola Hansson, Emil Kléen rekna til dei dekadente. Litteraturforskaren Per Thomas Andersen tok i 1992 doktorgraden på Dekadanse i nordisk litteratur 1880–1900[3].

Fotnoter[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk omsetjing: Mot strømmen; omsett og med etterord av Jan Olav Gatland. Klassikerserien moderne tider 33. Oslo 1998: Bokvennen. ISBN 82-7488-087-0
  2. Trætte mænd er gjeve ut som band 4 i serien Skrifter i samling. Oslo 2001: Aschehoug. ISBN 82-03-18413-8
  3. Avhandlinga som e-bok

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]