Dekkfrøplantar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dekkfrøplantar

Sweetbay Magnolia Magnolia virginiana Flower Closeup 2242px.jpg

Vitskapleg namn
Magnoliophyta
Frohne & U. Jensen, 1996
Utbreiing
Habitat: Terrestrisk og akvatisk
Område: Alle verdsdelar
Systematikk
Rike: Plantae
Embryophyta
Rekkje: Magnoliophytina, Magnoliophyta (Anthophyta eller Angiospermae)

Dekkfrøplantar er den yngste og største rekkja av frøplanter. Dekkfrøplantane skil seg frå nakenfrøplantar ved at dei har blomar med frøemne som sit i ein lukka behaldar, fruktknuten. Blomen, som kan befruktast på ulike måtar, har gjort at rekkja har kunne spreia seg over heile verda og utvikla seg til mellom 225 000 og 400 000 artar. Plantane er også særs viktige for menneske, som særleg bruker mange av fruktene deira.

Den eldste kjende dekkfrøplanten er frå krittida og voks for rundt 125 millionar år sidan. Det er også funne stoff som tyder på at dekkfrøplantar var til for 250 millionar år sidan, under permtida.

Tradisjonelt har ein delt dekkfrøplantane inn i to klassar: tofrøblada og einfrøblada. Moderne DNA-baserte metodar har vist at denne todelinga er for enkel. Mens einfrøblada kan forsvarast som ei monofyletisk gruppe, blir dei tofrøblada delt opp i fleire ubeslekta grupper. Desse gruppene har ennå ikkje fått formelle namn, men kan grovt delast inn i desse gruppene: «Urdekkfrøa», ei lita gruppe som nolevande former av dei eldste dekkfrøplantane. Frå denne gruppa kjem einfrøblada plantar (Liliopsida); ei gruppe som inneheld magnoliafamilien (Magnoliaceae), laurbærfamilien (Lauraceae), holurtfamilien (Aristolochiaceae) og peparfamilien (Piperaceae); og ekte tofrøblada (Eudicotyledonae), der ein mellom anna finn soleiefamilien, rosefamilien, erteblom- og korgplantefamilien.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Dekkfrøplantar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.