Dekningsbidrag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dekningsbidrag er eit bedriftsøkonomisk omgrep som gjev eit tal på det ein sitt att med etter at dei variable kostnadene er trekt frå salsinntektene. I handelsverksemder blir dette ofte kalla avanse eller bruttoforteneste. Dekningsbidraget blir nytta til å betale dei faste kostnadene, slik som husleige, straum, fast lønn og andre kostnader som ikkje let seg endre på kort sikt. Er det noko til overs etter dette, sitt ein att med eit overskot, som kan takast ut eller nyttast til nye investeringar i verksemda.

Dekningsbidraget kan reknast ut for ei særskild produksjonsvare/teneste (dekningsbidrag per eining) eller for verksemda som heilskap (samla dekningsbidrag). Dekningsbidragskalkyler er vanlege til dømes i landbruket, der dei reknar ut per dekar av ein bestemt produksjon. Desse inngår då gjerne som grunnlag for produksjonsplanlegginga og for lønsmedkalkyler ved investeringar.

I ei produksjonsverksemd vil dekningsbidraget kunne finnast ved å trekkje direkte materialkostnadar, direkte lønnskostnader og indirekte variable kostnadar frå driftsinntektene. Dersom ein då trekkjer sals- og administrasjonskostnadar i tillegg til avskrivingar frå dekningsbidraget finn ein driftsresultatet.

Dekningsbidraget er eit meir fleksibelt instrument for avgjersle enn sjølvkostkalkyla. Ved avgjersle på kort sikt er det irrelevant kor store dei faste kostnadene er, då faste kostnadar per definisjon ikkje let seg endra på kort sikt. Ved tilbod om produksjon av ein ny ordre seier ein at den bør bli godteken så lenge den gjer positivt dekningsbidrag (dvs. dekker variable kostnadar), så lenge det er ledig kapasitet og den ikkje påverkar prissettinga til dei andre ordrane. Dette til tross for at ordrane gjer negativ sjølvkost. På lang sikt, derimot, kan ikkje ei verksemd overleve med 0 i dekningsbidrag, då det òg må vere att midlar til å dekke faste kostnader.

Utrekning[endre | endre wikiteksten]

Dekningsbidraget til eit produkt er skilnaden mellom salspris og variable kostnader.

Salspris - Variable kostnader = Dekningsbidrag

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]