Delinga av Britisk India

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Sør-Asia frå 1909, med fleirtalsreligionar avmerkte med fargar. Grønt er islam, raudt hinduisme.
Muhammad Ali Jinnah, til venstre, blir rekna som landsfaderen til Pakistan. Mahatma Gandhi, til høgre, var imot delinga.

Delinga av Britisk India fann stad natta mellom den 14. og 15. august 1947 og skapte to nye sjølvstendige statar, India og Pakistan, av den britiske kolonien India. Delinga gjekk føre seg på geografisk og administrativt nivå, med innføringa av nye territorium og ei todeling av embetsverket, militæret, infrastruktur og annan britisk-indisk eigedom.

Delinga var basert på eit ønske frå muslimar om å få sitt eige land, og fordelte i stor grad område der det var muslimsk fleirtal til Pakistan (som også omfatta noverande Bangladesh) og resten til India. Meir eller mindre sjølvstendige fyrstestatar som hadde vore tilknytta den britiske kolonien fekk velja å bli med i eitt av dei to landa. Den nye landegrensa delte statar (Bengal og Panjab), lokalsamfunn og i nokre høve familiar. Ho medførte at rundt 15 millionar menneske måtte flytta, medan opp mot ein halv million blei drepne i uroa rundt delinga. Den tragiske delinga, ofte berre kjend som «Partition» i Sør-Asia, har sett djupe spor, og har vore skildra i talrike noveller, romanar og filmar. Ho har også ført med seg spenning og krigar mellom Pakistan og India over omstridde område, som Kashmir.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Delinga av Britisk India
Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.