Delmenhorst

Koordinatar: 53°03′0″N 8°38′0″E / 53.05000°N 8.63333°E / 53.05000; 8.63333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delmenhorst
Delmenhorst i 1647.
Delmenhorst i 1647.
Delmenhorst i 1647.
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Delmenhorst
Delmenhorst is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Niedersachsen
Ingen
Kreisfri by
Først nemnd i 1254
Geografi
Flatevidd
 - By

62,36 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

75 672
  1 213/km²
Koordinatar 53°03′0″N 8°38′0″E / 53.05000°N 8.63333°E / 53.05000; 8.63333
Høgd over havet 7 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 27747, 27749, 27751, 27753,27755
Telefon-retningsnummer 04221
Bilnummer DEL
Heimeside: www.delmenhorst.de

Delmenhorst er ein by i Tyskland i delstaten Niedersachsen med om lag 75 000 innbyggjarar. Byen ligg mellom Bremen og Oldenburg.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delmenhorst vart først nemnd i eit dokument i 1254, etter at greven Oldenburg, Otto I, kjøpte staden nær elva Delme i 1234. Det vart bygd ei borg for å verne om den nye busetnaden i 1247. Den påfølgjande greven, Otto II, flytta inn i borga. 15. juli 1371 vart byen erklært ein sjølvstendig by etter Bremenlova.

Etter ei kort tid under styret til biskopen i Bremen frå 1421 til 1436 vart Delmenhorst gjeve tilbake til Oldenburg. Delmenhorst vart seinare frykta for sine røvarriddarar leia av grev Gerd. Dette enda i 1482 ved at borga vart omleira av biskopen i Münster. Etter dette kom derfor byen under styret til Münster fram til grev Anton I vann byen og borga tilbake i 1547.

Etter at den siste arvingen til Anton, Kristian, døydde i 1647, gjekk Delmenhorst igjen tilbake til Oldenburg. Sidan Oldenburg på denne tida vart styrt av ein slektning av den danske kongen var Delmenhorst no under dansk kontroll.

I 1767 vart Delmenhorst kjøpt av tsaritsa Katarina II, men vart gjeve tilbake til Oldenburg i 1773. I 1777 vart Delmenhorst hertugdøme av Oldenburg. I 1806 okkuperte den franske og nederlandske hæren området, og Delmenhorst vart ein del av Frankrike under Napoleon I frå 1811 til 1813.

Under den industrielle revolusjonen opplevde Delmenhorst kraftig økonomisk vekst, mykje på grunn av Bremen. Sidan Bremen låg i ei anna tollsone måtte kjøpmenn som ville eksportere varer ut frå Bremen betale dyre tollavgifter. Dei eksporterte berre derfor varene til dei omliggande landsbyane.

I 1903 vart Delmenhorst ein kreisfri by, som gjorde at han no hadde sjølvstyre og ikkje vart styrt av noko land. I 1930-åra og depresjonen gjekk enkelte av fabrikkane konkurs, men byen haldt fram med å vekse og innlemma dei omliggande landsbyane rundt seg. Under krystallnatta i november 1938 vart synagogen brend ned av nazistane, som kom til makta i Tyskland i 1933. Etter den andre verdskrigen låg Delmenhorst i den britiske okkupasjonssonen og måtte handsame tusenvis av flyktningar frå Aust-Tyskland, som no var okkupert av Sovjetunionen. I 1950 budde meir enn 57 000 menneske i Delmenhorst.

Frå 1960-åra auka arbeidslausa i byen og meir enn 13 % gjekk utan arbeid, medan 7 % levde på trygd.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Delmenhorst

Kjelder[endre | endre wikiteksten]