Delta Dawn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Delta Dawn
Singel av Tanya Tucker
frå albumet Delta Dawn
B-side

«I Love the Way He Loves Me»

Språk engelsk
Utgjeve 1972
Innspelt 1972
Sjanger Country
Lengd 3:09
Selskap Columbia
Komponist Larry Collins, Alex Harvey
Tekstforfattar Larry Collins, Alex Harvey
Låtskrivar(ar) Larry Collins, Alex Harvey
Produsent Billy Sherrill
Tanya Tucker-kronologi 
Delta Dawn «Love's the Answer»
(1972)


Delta Dawn
Singel av Helen Reddy
frå albumet Long Hard Climb
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1973
Innspelt 1972
Sjanger Adult Contemporary
Lengd 3:11
Selskap Capitol
Komponist Larry Collins, Alex Harvey
Tekstforfattar Larry Collins, Alex Harvey
Produsent Tom Catalano
Helen Reddy-kronologi 
«Peaceful»
(1973)
Delta Dawn «Leave Me Alone (Ruby Red Dress)»
(1973)


«Delta Dawn» er ein song skriven av Larry Collins og Alex Harvey (må ikkje forvekslast med den skotske rockeartisten Alex Harvey), mest kjend som ein countryhit frå 1972 med Tanya Tucker og ein førsteplass for Helen Reddy i 1973.

Tekst[endre | endre wikiteksten]

Hovudpersonen er ei falma Southern belle-kvinne frå Brownsville i Tennessee, som 41 år gammal no er besett av minna av ein omflakkande friar som ho møtte for lang tid sidan.

Bakgrunn og innspeling[endre | endre wikiteksten]

Den første innspelinga av «Delta Dawn» vart gjort av Harvey for albumet sitt med same namn i november 1971. Sjølv om Harvey varma opp for Helen Reddy på the Troubadour i januar 1972, verkar det ikkje som om Reddy skal ha fanga opp songen då.[1]

Dianne Davidson, som song korsong for Harvey si innspeling var den første artisten som spelte ein coverversjon av songen, og denne nådde lista i 1971-1972. Tracy Nelson, som òg song korsong på Harvey-innspelinga, spelte «Delta Dawn» på konsertane sine. Etter å ha høyrt Nelson synge «Delta Dawn» ved Bottom Line i New York City, byrja Bette Midler å spele songen i repertoaret sitt. Den Nashville-baserte produsenten Billy Sherrill høyrte Midler synge «Delta Dawn» på The Tonight Show og ønskte å signere kontrakt med ho for Epic Records så ho kunne spele inn songen. Då han fann ut at Midler alt hadde kontrakt med Atlantic Records, spelte Sherrill inn songen med Tanya Tucker som nyleg hadde kome til Epic og Tucker-versjonen kom ut i april 1972 og nådde sjetteplassen på C&W-lista den våren.[2]

Produsenten Tom Catalano laga akkompagnementet for «Delta Dawn», og kopierte meir eller mindre akkompagnementet frå Tucker-versjonen, og trass i at Catalano hadde arbeidd med Helen Reddy, vart songen først tilbydd Barbra Streisand, som avslo. Catalano gav dermed songen til Reddy.[2]

I mellomtida hadde Bette Midler spelt inn «Delta Dawn» for debutalbumet hennar The Divine Miss M, der den bluesaktige versjonen var planlagt som den første singelen. I juni 1973 gav Reddy ut sin versjon på singel, to dagar før Midler, og Midler måtte dermed snu singelen, slik at den opphavlege B-sida «Boogie Woogie Bugle Boy» vart singelen som vart sendt til radiostasjonane. Reddy sin versjon nådde Topp 10 den 18. august 1973 og den 15. september 1973 låg songen på toppen av singellista i USA. I Australia, der Reddy kom frå, låg singelen fem veker på toppen av lista. Versjonen gjekk òg opp til 13. plass på lista i Sør-Afrika hausten 1973.

The Statler Brothers spelte inn «Delta Dawn» og gav han ut i 1973 på albumet The Statler Brothers Sing Country Symphonies in E Major.

Scott Walker spelte inn songen i 1974 for albumet We Gave It All.

I komiserien Friends syng Monica ein versjon av songen i den 13. episoden i den 9. sesongen.

Lister (Tanya Tucker)[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 72[3]
U.S. Billboard Hot Country Singles 6 [3]
Kanadiske RPM Country Tracks 3

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Billboard vol#84 #2 (8 January 1972) p.12
  2. 2,0 2,1 Tucker, Tanya (1997). Nickel Dreams: my life (Large print utg.). Waterville ME: Thorndike Press. s. 132. ISBN 0-7862-1182-2. 
  3. 3,0 3,1 Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book Of Top 40 Country Hits: 1944–2006, Second edition. Record Research. s. 357. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]