Delta II

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Oppskytinga av romsonden Themis frå Cape Canaveral.

Delta II er ein rakett som opphavleg vart konstruert og bygd av McDonnell Douglas og har vore i bruk sidan 1989. Produksjonen vart seinare overteken av Boeing Integrated Defense Systems, ein Boeing-divisjon, fram til ansvaret for rakettproduksjonen vart lagt til United Launch Alliance i 2006. ULA marknadsfører Delta II-raketten for kundar frå dei amerikanske føderale styresmaktene, medan Boeing marknadsfører raketten for kommersielle kundar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var det meininga at amerikanske rakettar skulle fasast ut for det amerikanske romferjeprogrammet, men då romferja Challenger eksploderte i 1986, tok ein oppatt Delta-programmet. Den første oppskytinga med ein Delta II rakett var den 14. februar 1989 og hadde ein GPS-satellitt om bord. Pr. august 2008 er 137 rakettar av typen Delta II skoten opp, med diverse nyttelast som til dømes kommunikasjonssatellittar, GPS-satellittar ,militære satellittar i tillegg til ei rekkje romsonder for NASA.

Nokre oppskotne nyttelaster:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Delta II