Deltakarmedaljen 9. april 1940-8. mai 1945

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Deltagermedaljen, Deltakarmedaljen vart stifta 19. september 1945. Den vart delt ut til alle som tok del i kamp og/eller vart såra. I tillegg til:

  • Norsk og alliert militært personell som tok del i krigen i Noreg i 1940 i minst fem dagar.
    • Sivilt personell som arbeidde i nær tilknyting til dei militære styrkane i minst fem dagar.
  • Personell som gjorde teneste i dei væpna norske styrkane eller i handelsflåten utanfor Noreg i minst fire månadar.
  • Personell som vart sett opp i Noreg vinteren 1944-45 og tok del i felttoget i Finnmark i minst ein månad.
  • Alliert personell som tok del i frigjeringa av Noreg i minst ein månad.
  • Personell i Heimestyrkane som hadde gjort teneste i minst fire månadar før 8. mai 1945.

Medaljen er i bronse. På adversen er riksvåpenet med omskrifta «9 APRIL 1940 - 8 MAI 1945». På reversen er kongeflagget, statsflagget og handelsflagget med ein smal sirkel over med skrifta «Deltaker i kampen». Bandet er i fargane til det norske flagget og kan utstyrast med ein rosett dersom mottakaren har utmerkt seg fleire gonger.

Det skal framleis vere fleire krigsveteranar som ikkje har motteke denne medaljen.