Dem Gerechten muß das Licht

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 20. april 2010 kl. 16:43 av Eirik (diskusjon | bidrag) (pirk)
Dem Gerechten muß das Licht immer wieder aufgehen
BWV 195
Kantate av Johann Sebastian Bach
SjangerKoral
PeriodeBarokken
Komponert1727-1731
Urframføring1727-1732
Publiseringsdato1864
Revidert1742-1749
Typisk lengd19:31
Satsar/akter7

Dem Gerechten muß das Licht immer wieder aufgehen, BWV 195, er ein kyrkjeleg kantate komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1727-1731 for eit bryllaup. Stykket vart framført på nytt kring 1742 og ein gong til i 1748-1749, begge i Leipzig. Den første utgåva av verket gjekk tapt, medan utgåva frå 1742 ikkje er komplett. Utgåva ein har i dag er frå 1748-1749.

Teksten er henta frå Salme 97: 11-12, Paul Gerhardt (sjette sats), medan resten er skriven av ein ukjend tekstforfattar.

Koraltemaet er basert på salmen «Lobt Gott, ihr Christen, allzugleich». Tekstne til Nikolaus Herman til denne salmen kom i lag med eim melodi som kan ha vore ei kyrkjeleg utgåve av ein verdsleg melodi eller dans kalla «Kommt her, ihr lieben Schwesterlein», som ein finn i Ein Christlicher Abentreien frå Leipzig i 1554.

Instrumentering og struktur

Stykket er instrumentert for to trompetar, pauke, to valthorn, to oboar, to fløytes, strykarar, orgel continuo, samt fire songsolistar (sopran, alt, tenor, bass) og firedelt kor.

Det består av sju satsar:

  1. «Dem Gerechten muss dach Licht», Koral
  2. «Ihr Gerechten, freuet euch», Koral
  3. «Dem Freuden-Licht gerechter Frommen», Resitativ for bass
  4. «Ruhmet Gottes Gut' und Treu'», Arie for bass
  5. «Wohlan, so kupfet denn ein Band», Resitativ for sopran
  6. «Wir kommen, deine Heiligkeit», Koral
  7. «Nun danket all' und bringet Ehr'», Koral

Kjelder

Bakgrunnsstoff