Democratic Socialists of America

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Democratic Socialists of America (DSA) er ein sosialistisk organisasjon i USA, og den fremste amerikanske medlemen i Den sosialistiske internasjonalen, Socialist International.

DSA vart danna i 1982, mellom anna av folk frå den eine av dei tre fraksjonane i det oppløyste Socialist Party of America. Dei to andre danna Social Democrats USA og Socialist Party USA.

Michael Harrington og Barbara Ehrenreich vart valde til leiarar.

Opphavleg var DSA sterkt assosiert med ideen om at «den realistiske venstresida finst i dag i Det demokratiske partiet» (Harrington). I dag er haldninga: «Democratic socialists reject an either-or approach to electoral coalition building, focused solely on a new party or on realignment within the Democratic Party.»[1]

Senator Bernie Sanders er medlem i DSA, og vart vald inn som uavhengig (Independent) kandidat frå staten Vermont.

DSA sitt arbeid innanfor Democratic Party har likevel vorte sedd på som nødvendig fordi det politiske systemet ikkje gjev eit tredje parti ein sjanse. «Much of progressive, independent political action will continue to occur in Democratic Party primaries in support of candidates who represent a broad progressive coalition. In such instances, democratic socialists will support coalitional campaigns based on labor, women, people of color and other potentially anti-corporate elements... Electoral tactics are only a means for democratic socialists; the building of a powerful anti-corporate coalition is the end.» (Where We Stand)

I 2000 tok ikkje DSA noka offisiell stilling i presidentvalet, og fleire framståande medlemer støtta Ralph Nader frå Green Party. I 2004 støtta DSA demokratiske John Kerry. Landsmøtet til DSA i 2007 hadde stort oppmøte, og høyrde mellom anna ein viktig tale av senator Bernie Sanders.

Young Democratic Socialists (YDS) er ungdomsorganisasjonen til DSA.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Den engelskspråklege wikipediaen, art. med same namnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. "WHERE WE STAND: The Political Perspective of the Democratic Socialists of America", section 5, on the DSA website. Accessed 3/24/06.