Demokratiske Sosialistar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Demokratiske Sosialistar
LandNoreg
Partileiar(ar)Berit Ås
GrunnleggjararBerit Ås
Grunnlagt1973
Nedlagt1976
Etterfølgd avSosialistisk Venstreparti
Ideologidemokratisk sosialisme, euroskeptisisme Sjå dette på Wikidata
Politisk posisjonvenstreekstremisme
Stortings-
representantar
2

Demokratiske Sosialistar var eit tidlegare politisk parti i Noreg. Det vart danna i 1973. Det fulle namnet var Demokratiske Sosialistar AIK. AIK stod for «Arbeiderbevegelsens informasjonskomité mot norsk medlemskap i EF», som bestod av medlemmer i Det norske Arbeidarpartiet som var mot norsk medlemskap i det som no heiter EU, Den europeiske unionen. Fleirtalet i AIK braut ut av Arbeidarpartiet i 1972, under striden framfor den første folkeavstemminga om norsk EU-medlemskap.

Demokratiske Sosialistar AIK deltok i stortingsvalet i 1973 som ein del av Sosialistisk Valforbund, saman med SF, NKP og uavhengige sosialistar. DS AIK tok så del i prosessen for å omgjera valforbundet til eitt politisk parti, som da det vart skipa i 1975 fekk namnet Sosialistisk Venstreparti. DS AIK vart oppløyst i 1976, til liks med SF, som avtala i samlingsprosessen. Fleirtalet i NKP ville likevel ikkje vera med, og dette partiet heldt fram som eige parti utanfor SV.

Demokratiske Sosialistar AIK spela ei viktig rolle i samlingsprosessen som førte fram til skipinga av valforbundet og partiet SV. Utan at desse nei-folka frå DNA hadde brote ut og deltatt i prosessen, ville truleg verken valforbundet eller eit samla venstresosialistisk parti vorte ein realitet, for motsetningane mellom SF og NKP var for store til at eit tosidig samarbeid hadde komme på tale.

Da DS AIK vart danna, vart stortingsrepresentant Berit Ås vald til leiar. Ho vart med det den første kvinnelege partileiaren i norsk historie. Ho vart òg den første leiaren i det samla SV.