Den tyske novemberrevolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Soldatar med den fanga revolusjonære gisseltakaren Johann Lehner den 3. mai 1919.

Den tyske novemberrevolusjonen er eigentleg ein serie hendingar som skjedde i 1918-1919, og som nådde høgdepunktet sitt i styrtinga av keisaren og grunnlegginga av den veike Weimar-republikken. Som i den russiske februarrevolusjonen i 1917 var det ikkje noko enkeltparti som leidde oppreisten, og arbeidarråd lik dei russiske tok makta over heile landet. Men hendingane heldt fram med å polarisere venstresida, ikkje minst på grunn av den sosialdemokratiske regjeringa sin bruk av den høgreorienterte militsen Frikorpsa for å slå ned spartakistrevolten frå ytre venstre.

Som den russiske revolusjonen i 1917, skjedde den tyske i ein kontekst av dei katastrofale konsekvensane av første verdskrigen. Då den tyske overkommandoen under general Ludendorff vedgjekk nederlag, utløyste det ei politisk krise som førte til at den liberale prins Maximilian av Baden tok makta. Sjølv om det største arbeidarpartiet, SPD, deltok i regjeringa, viste dette seg å vere utilstrekkjeleg til å stanse opprøret.

Oppreisten begynte i Kiel frå 29. oktober til 3. november 1918, då førti tusen sjøfolk tok over hamna i protest mot eit forslag om å gå til kamp mot den britiske marinen, då dei såg dette som sjølvmorderisk. Den 8. november hadde arbeidar- og soldatråd tatt det meste av det vestlege Tyskland, og la grunnlaget for den såkalla rådsrepublikken. Keisar Wilhelm II vart tvinga til å abdisere den 9. november, og det enda det tyske monarkiet, sjølv om monarkismen framleis var sterk i særleg mellom- og overklassen. SPD vart kasta inn i maktposisjon som leiande i den nye republikken, saman med sitt meir radikale motstykke, det Uavhengige Sosialdemokratiske Partiet i Tyskland (USPD).

Men denne einskapsfronten gjekk i oppløysing seint i desember 1918 då USPD gjekk ut av koalisjonen i protest mot det dei såg som SPD sine kompromiss med det kapitalistiske status quo. Dessutan kom det ei ny revolusjonær bølgje over landet i januar 1919, leidd av Det tyske kommunistpartiet (spartakistane). Som svar på det, engasjerte den sosialdemokratiske leiaren Friedrich Ebert den høgreorienterte og nasjonalistiske militsen Frikorpsa for å slå ned oppstanden. Dei to mest namngjetne offera for denne kontrarevolusjonære operasjonen var spartakistleiarane Karl Liebknecht og Rosa Luxemburg, som vart drepne den 15. januar 1919. Innan mai månad var den revolusjonære venstresida knust.

Det venstresosialistiske partiet USPD hadde stor oppslutning ved valet i juni 1920, men vart kløyvd seinare same året, og mista med det sjansen til å påverke utviklinga. I Tyskland utvikla revolusjonen seg såleis ikkje ut over ein «borgarleg-demokratisk» fase, og denne fasen skulle ikkje vare lenger enn til 1933, då Adolf Hitler og nazistane kom til makta. Då vart alle sosialistiske parti forbodne, og dei borgarlege partia vart nedlagde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • I hovudsak den engelskspråklege wikipediaen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Den tyske novemberrevolusjonen