Den ærerike revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ryttarportrett av Vilhelm III av Jan Wyck, til minne om landinga i Brixham i Torbay den 5. november 1688

Den ærerike revolusjonen (engelsk Glorious Revolution) syner til avsetjinga av den katolske kongen Jakob II av England og innsetjinga av protestantane Vilhelm III og Maria II i 1688. Han vert òg kalla den ublodige revolusjonen fordi endringane fann stad nokså raskt og med relativt lite vald, men å etablera det nye regimet tok mykje lengre tid og medførte vald og død.[1] Omgrepet Glorious Revolution vart først brukt av John Hampden i 1689.[2] Mange moderne historikarar unngår gjerne adjektivet «ærerik» og nyttar heller 1688-revolusjonen.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Prinsen av Oranien går i land i Torbay

Den religiøse toleransen til kong Jakob vart etter 1685 møtt med aukande motstand av dei leiande politiske krinsane som mislikte at kongen var katolsk og dei tette banda hans til Frankrike. Krisa nådde kongen i 1688 då sonen hans James Francis Edward Stuart vart fødd den 10. juni. Dette forstyrra den eksisterande arverekkefølgja ved å erstatte den presumptive arvingen, dottera hans Maria som var protestant og kona til Vilhelm av Oranien, medan den unge James eller Jakob var kronprins. Det var no sannsynleg med eit katolsk dynasti i kongedøma. Leiarane av Tory-partiet slo seg saman med motstandarpartiet Whig og prøvde å løyse krisa med å invitere Vilhelm av Oranien til England.[3]

Invasjon[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha sikra seg politisk og økonomisk støtte, kryssa Vilhelm Nordsjøen og Den engelske kanalen med ein stor invasjonsflåte i november 1688 og gjekk i land ved Torbay. Etter to mindre trefningar mellom dei to motståande armeane i England, og eit antikatolsk opprør i fleire byar, kollapsa styret til Jakob, hovudsakleg på grunn av mangel på avgjersler frå kongen. Dette vart etterfølgd av den vilhelminske krigen i Irland og opprøret til Dundee i Skottland. I dei fjerntliggande engelske koloniane i Amerika førte revolusjonen til at maktområdet Ny-England kollapsa og at styret i provinsen Maryland velta. Etter nederlaget i slaget ved Reading den 9. desember, flykta Jakob og kona hans nasjonen. Jakob vendte derimot attende til London for to veker før han for siste gong reiste til Frankrike den 23. desember. Vilhelm trua med å trekkje attende soldatane sine og i februar 1689 overtydde det nyvalte parlamentet til å gjere han og kona til medregentar.

Revolusjonen enda for godt sjansen for at katolisismen vart gjenoppretta i England. For britiske katolikkar var effektane katastrofale både sosialt sett og politisk. Katolikkar vart nekta stemmerett og i over hundreår kunne dei ikkje sitje i parlamentet i Westminster, og vart nekta militære stillingar. Monarken kunne ikkje lenger vere katolikk eller gifte seg med ein katolikk, eit forbod som framleis gjeld i dag (2012). Revolusjonen førte til avgrensa toleranse for andre trusretningar enn statskyrkja, og det tok noko tid før desse fekk fulle politiske rettar. Det har vorte hevda at det moderne engelske parlamentariske demokratiet starta då Jakob vart styrta og sidan den gong har ikkje monarken vore eineveldig.

Internasjonalt var revolusjonen knytt til niårskrigen på kontinentet. Det vert rekna som den siste suksessrike invasjonen av England.[4] Det enda alle forsøka til England i dei engelske-nederlandske krigane på 1600-talet. Den økonomiske integreringa og det militære samarbeidet mellom marinane til England og Nederland gjorde at dominansen i verdshandelen flytta seg frå Dei sameinte Nederlanda til England og seinare Storbritannia.

Uttrykket «den ærerike revolusjonen» vart først nytta av John Hampden seint i 1689,[5] og er eit uttrykk som framleis vert nytta i Storbritannia.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Pincus 2011, s. 441–442.
  2. Til ein komite i House of Lords hausten 1689 (Schwoerer 2004, s. 3).
  3. Coward 1980, s. 298–302.
  4. Sjå t.d. Israel 1991, s. 105
  5. (Schwoerer 2004, s. 3).
  6. «The Glorious Revolution». www.parliament.uk. Henta 22. januar 2012. 
  • Denne artikkelen bygger på «Glorious Revolution» frå Wikipedia på engelsk, den 22. januar 2012.
  • Coward, Barry (1980). The Stuart Age. ISBN 978-0582067226. 
  • Israel, Jonathan I. (1991). «The Dutch role in the Glorious Revolution». I Israel, J.I. The Anglo-Dutch Moment. Essays on the Glorious Revolution and its world impact. Cambridge University Press. ISBN 0-521-39075-3. 
  • Schwoerer, L.G. (2004). The Revolution of 1688–89: Changing Perspectives. Cambridge University Press. ISBN 0521526140.