Den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den Internasjonale Transportarbeidarføderasjonen (ITF) er ein verdsomspennande samanslutning av fagforbund for transportarbeidarar, og vart grunnlagt i 1896. Samanslutninga hadde i 2005 over 600 medlemsforbund med til saman over fem millionar medlemmar fordelt på over 140 land.

ITF står tilslutta ITUC. Kvart uavhengig fagforbund med medlemmar som arbeider ved verksemder i transportnæringa er kvalifisert til medlemskap i ITF.

ITF representerer transportarbeidarinteresser i SN-organ som ILO, IMO og ICAO. Organisasjonen har òg som oppgåve å informere og rådgje fagforbund om utviklinga i transportnæringa i andre land og delar av verda, og organiserer internasjonale solidaritetsaksjonar når medlemsforbund i eit land er i konflikt med arbeidsgivarar eller sine styresmakter.

Hovudkvarteret er i London og organisasjonen har kontor i Nairobi, Ouagadougou, Tokyo, New Delhi, Amman, Rio de Janeiro, Moskva, Brussel og Georgetown i Guyana.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]