Den Kongelege Norske Fortenesteordenen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den Kongelige Norske Fortjenstordenen vart stifta av kong Olav V i 1985 og vert tildelt utanlandske borgarar og norske borgarar som er fast busette i utlandet som løn for særleg fortenestefult verke for norske interesser. Kongen er stormeister i ordenen. Ordenen er delt inn i fem grader: Storkross, Kommandør med stjerne, Kommandør, Riddar av 1. klasse og Riddar. Bandet til ordenen er kongeblått. Dekorasjonane som høyrer til ordenen er mottakaren sin eigedom.