Den Kristelige Menighet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Smiths vener (Smiths venner) er den uoffisielle nemninga på eit verdsomspennande kristent samfunn og ei frikyrkjerørsle som oppstod tidleg på 1900-talet i Vestfold. I dag har samfunnet medlemer over heile verda. Forsamlinga har røter i den same karismatiske tradisjonen som pinserørsla, men skil seg frå henne på fleire område. Smiths venner er det einaste trussamfunnet som har breidd seg ut til heile verda frå Noreg,[1] og organisasjonen hevdar at dei i dag har 30 000 medlemer fordelt på 65 land.[2] Rørsla fekk sitt uoffisielle namn etter grunnleggjaren Johan O. Smith: Smith sine vener. I dag har dei organisert seg med uoffisielt medlemsregister og kallar seg Brunstad Christian Church.

Byrjinga til Smiths vener[endre | endre wikiteksten]

Johan Oscar Smith (18711943) vert sett på som grunnleggjaren av frikyrkja Smiths vener. Han vart fødd i Fredrikstad og voks opp i ein kristen heim. Allereie som femtenåring drog han til sjøs, og to år seinare, som 17-åring, byrja han i marinen der han arbeidde i meir enn 40 år som underoffiser. I 1898, då han var 26 år gamal, vendte han seg om til Gud og kom fram til det som danna grunnlaget for rørsla si doktrine i dag. Johan O. Smith hadde ikkje ein intensjon om å lage ei forsamling. Det som seinare vart ein organisasjon var dei fyrste åra berre ein flokk vener kring Smith. Ein av dei fyrste venene var Theodor Ellefsen. Noko seinare kom fleire med, mellom andre bror til Johan, Aksel Smith, som var tannlækjar. Ein annan viktig person i rørsla var Elias Aslaksen (18881976), som òg hadde bakgrunn i marinen, og som trefte Smith i 1908. Elias Aslaksen vart Smiths vener sin leiar etter at Smith gjekk bort i 1943. Smith segla i ei årrekkje i marinen (og i fiskerioppsynet), noko som gav han høve til å skaffe seg vener langs heile kysten, frå Oslofjorden til Mehamn og Vardø.

Utviklinga i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Sidan marinen hadde som oppgåve å vakte Noregs nøytralitet under Den fyrste verdskrigen, var Johan O. Smith blant mannskapet som fór langs kysten. Dét er årsaka til at Smiths vener har spreidd seg utover heile landet, sidan Smith fekk kontaktar i t.d. Brevik, Kristiansand, Stavanger, Stord, Bergen, Måløy, Molde og Finnmark. Smiths vener dreiv òg misjon i innlandet, noko som førte til forsamlingar i Trysil, Valdres og Hallingdal. I hovudstaden har det vore forsamling sidan 1912. Ein reknar med at der er mellom 6000 og 8000 vener i Noreg. Vevstaden til organisasjonen melder om 20 kyrkjelydar.

Utviklinga internasjonalt[endre | endre wikiteksten]

Rørsla voks temmeleg langsamt, og så seint som 1950 var det framleis berre i overkant av 1 000 medlemer i Noreg og Danmark. Forsamlinga var ikkje registrert som trussamfunn, og presiserte sterkt at dei ikkje skulle få statsstønad og at dei «klarte seg sjølve». Seinare har dei organisert seg med uoffisielt medlemsregister.

Internasjonalt har samlingspunktet deira vore på Brunstad Stevnested i Stokke, som dei har ått sidan 1956. Det vert no arrangert store «sommarstemne» der ca. 8 000 menneske frå 30 land samlast. I tillegg vert samværa som oftast satellittsendte. Dei fyrste forsamlingane utanfor Noreg var i Danmark og Sverige, der Smiths vener dreiv med misjon i 1930-åra. Forsamlingane har no spreidd seg til dei fleste land i Europa.

Smiths vener har drive enkel misjon i USA sidan mellomkrigstida, men det vart inga forsamling der før utpå 1960-talet. På det amerikanske kontinentet er det i dag to store stemnestader. Utbreiinga i Canada og Sør-Amerika starta ikkje før på midten av 1970-talet, då det vart skipa forsamlingar i fleire av dei sør-amerikanske landa.

Utbreiinga i Afrika starta på 1970-talet, men fyrst på 80-talet kunne ein med rette kalle dei forsamlingar, særleg i land som Egypt, Kenya, Kamerun, Uganda, Zimbabwe, Etiopia og Eritrea. Etter slutten på apartheid har Smiths vener òg hatt framgang i Sør-Afrika. Smiths vener har misjonert i dei aust-europeiske landa i lag tid. Allereie før jernteppet fall virka nokre der. No finst det forsamlingar i mange av dei gamle austblokklanda. I tillegg til dei nemnte landa er det fire forsamlingar i Oseania og ei rekkje i Asia, mellom anna i Kina, Singapore og India.

Leiinga[endre | endre wikiteksten]

Frå då Johan Oscar Smith gjekk bort i 1943 og fram til 1976, vart forsamlinga leidd av Elias Aslaksen. Etter han tok son til Smith, Aksel J. Smith, og svigersonen, Sigurd Bratlie over leiarposisjonen. I løpet av denne tida fekk forsamlinga internasjonal storleik. I byrjinga av 1990-talet overtok Bernt Stadven og Johan O. Smith sin soneson, Kåre J. Smith. Det oppstod ein konflikt i starten på tiåret, og ca. 600 medlemer, av desse 450 nordmenn, gjekk bort frå DKM. Dei som gjekk ut meiner at kjernen til konflikten var usemje kring spørsmålet om kven som skulle sitje i DKM sin leiarskap. Frå nokre av dei som vart verande, vert konflikten framstilt som ei vekking til personleg omvending og alvor. Dei meiner at utbrytarane ikkje var i takt med resten og at dei ikkje tolde vekkinga.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den Kristelige Menighet

Denne spireartikkelen kan utvidast ved hjelp av den utfyllande artikkelen «Den Kristelige Menighet» på Wikipedia på bokmål/riksmål.