Den Norske Nobelkomite

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Komiterommet i Nobelinstituttet. Veggane har portrett av dei tidlegare fredsprisvinnarane.
Foto: Hans A. Rosbach
Det Norske Nobelinstitutt i Oslo.

Den Norske Nobelkomite, ofte berre kalla Nobelkomiteen, er ein komité som består av fem personar som er valde av Stortinget til å dele ut Nobels fredspris. I tillegg blir det også valt tre varamedlemmar. Medlemmane blir valde for ei seks-årsperiode og varamedlemmane for ei tre-årsperiode, med høve til attval. Dei valde treng ikkje vere norske statsborgarar, men til dags dato har alle vore det. Komiteen vel sjølv leiar og nestleiar. Geir Lundestad fødd (1945) har vore sekretær for Nobelkomiteen og direktør for Nobelinstituttet sidan 1990.

Stortinget påtok seg den 26. april 1897 det vervet som Alfred Bernhard Nobel hadde gitt Stortinget i sitt testament av 27. november 1895: å velje fem personar som skal dele ut ei årleg belønning; «til den som har verka mest eller best for frejme av brorskap mellom folka (folkenes förbrödrande) og for avskaffing eller forminsking av ståande hærar, samt for oppretting og utbreiing av fredskongressar.»

Den 5. august 1897 beslutta Stortinget; «Efter indstilling af valgkomiteen vælges de 5 personer,der har at overtage prisuddelingen av sidste storting i hver valgperiode. Valget gjælder for 6 aar. Efter 3 aar aftræder efter lodtrækning 2 af de valgte og senere hvert tredje aar vekselvis 3 og 2. desuden vælges hvert tredje aar 3 suppleanter. De aftrædende kan gjenvælges.»

Den første komiteen blei vald av Stortinget den 7. august 1897. Grunnreglane til Nobelstiftinga blei godkjende av Kongen den 29. juni 1900. Den Norske Nobelkomite konstituerte seg den 12. september 1900 og valde Bernhard Getz til formann. Bernhard Getz døydde 1. november 1901. Jørgen Gunnarsson Løvland overtok som formann.

Den 29. november 1901 endra Den Norske Nobelkomite namnet til Det Norske Stortings Nobelkomite. Dette blei gjort utan at Stortinget formelt godkjende namnebruken. Frå 1. januar 1977 blei namnet endra til det opphavlege Den Norske Nobelkomite.

Tidlegare kunne regjeringsmedlemmar samtidig vere medlemmar av komiteen. I periodane 1898- 1902, 1907 - 1908, 1925 - 1926, 1928 - 1931 og 1933 - 1935 var den sitjande statsministeren også medlem av komiteen. Stortinget bestemte 24. juni 1937 at regjeringsmedlemmar ikkje kan vere medlem av Nobelkomiteen. Frå 1978 blei det praksis at sitjande stortingsrepresentantar ikkje kan veljast inn i komiteen, men i desember 1984 blei visepresident i Stortinget Odvar Nordli vald som medlem. Nordli gjekk året etter ut av Stortinget, men han møtte i komiteen i representanttida. Medlemmane i Nobelkomiteen i perioden 2009-2011 er alle tidlegare eller sitjande (inntil 1. oktober 2009) stortingsrepresentantar. Thorbjørn Jagland er tidlegare statsminister, Sissel Rønbeck og Karin Cecilie (Kaci) Kullmann Five er tidlegare statsrådar.

Komiteen er heilt uavhengig, og tar ikkje mot instruksar eller pålegg frå noko hald i samband med vurderinga av forslaga til prisvinnar. Ikkje noko frå drøftingane i samband med valet av vinnarar til Nobelpris skal omtalast av Nobelkomiteane.

Nobelkomiteen har alle sine møte i eit spesielt møterom i Nobelinstituttet. Veggane i dette rommet er dekorert med portrett av samtlege personlege fredsprisvinnarar.

Den Norske Nobelkomite 2012-2014[endre | endre wikiteksten]

Varamedlemmar:

  1. Gunnar Stålsett
  2. Sverre Lodgaard
  3. Christopher Stensaker

Sekretær (tilsett):

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]