Den afrikanske unionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Den afrikanske unionen
Nasjonalsong: «Let Us All Unite and Celebrate Together»
LocationAfricanUnion.png
Offisielle språk Arabisk, engelsk, fransk, portugisisk, spansk, swahili (også alle andre språk i Afrika)
Leiar for Den afrikanske unionen Yayi Boni
Areal
 - Totalt

29,797,500 km2
Grunnlagd
Som OAU
 - Ikraftsett

Som AU
 - Ikraftsetting


 - 25. mai 1963


 - 9. juli 2002

Tidssone UTC -1 til +4
Toppdomene Ikkje standardisert.

Den afrikanske unionen (AU) er ein samarbeidsorganisasjon for statane i Afrika og vart danna 9. juli 2002 i Durban i Sør-Afrika. AU etterfølgjer den tidlegare samarbeidsorganisasjonen Organisasjonen for afrikansk einskap (OAU) og har som mål å bli ein meir langtgåande politisk og økonomisk eining enn denne. AU skal fremje demokrati, menneskerettar og utvikling i Afrika. Den fyrste leiaren i organisasjonen var Sør-Afrika sin president Thabo Mbeki. Tanken om ein afrikansk union vart unfanga av Libya sin leiar Muammar al-Gaddafi i 1999. Han vert rekna som hovudarkitekten bak unionsprosjektet.

Den afrikanske unionen har 54 medlemmar som omfattar nesten heile det afrikanske kontinentet. Marokko har valt å stå utanfor, fordi Vest-Sahara er medlem.

AU har forlatt OAU sitt prinsipp om ikkje-innblanding i statane og skal saman danne ei felles fredsstyrke. Den endra politikken har mellom anna resultert i militært nærvær i Darfur i Sudan og Komorane.

Toppmøte[endre | endre wikiteksten]

Nr. Stad Dato
Frå Til
1 Flagget til Sør-Afrika Durban i Sør-Afrika 9. juli 2002 11. juli 2002
2 Flagget til Mosambik Maputo i Mosambik 10. juli 2003 11. juli 2003
Flagget til Libya Sirte i Libya Februar 2004[1]
3 Flagget til Etiopia Addis Abeba i Etiopia 6. juli 2004 8. juli 2004
4 Flagget til Nigeria Abuja i Nigeria 24. januar 2005 31. januar 2005
5 Flagget til Libya Sirte i Libya 28. juni 2005 5. juli 2005
6 Flagget til Sudan Khartoum i Sudan 16. januar 2006 24. januar 2006
7 Flagget til Gambia Banjul i Gambia 25. juni 2006 2. juli 2006
8 Flagget til Etiopia Addis Abeba i Etiopia 22. januar 2007 30. januar 2007
  • 1 ^ Omframt møte.

Leiarar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Leiar Innsett Forlét stillinga
1 Flagget til Sør-Afrika Thabo Mbeki 9. juli 2002 10. juli 2003
2 Flagget til Mosambik Joaquim Chissano 10. juli 2003 6. juli 2004
3 Flagget til Nigeria Olusegun Obasanjo 6. juli 2004 24. januar 2006
4 Flag of the Republic of the Congo Denis Sassou-Nguesso 24. januar 2006 24. januar 2007
5 Flagget til Ghana John Kufuor 30. januar 2007 31. januar 2008
6 Flagget til Tanzania Jakaya Kikwete 31. januar 2008 2. februar 2009
7 Flagget til Libya Muammar al-Gaddafi 2. februar 2009 31. januar 2010
8 Flagget til Malawi Bingu wa Mutharika 31. januar 2010 31. januar 2011
9 Flagget til Ekvatorial-Guinea Teodoro Obiang Nguema Mbasogo 31. januar 2011 29. januar 2012
10 Flagget til Benin Yayi Boni 29. januar 2012 i dag

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Den afrikanske unionen