Den allmennvitenskapelige høgskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den allmennvitenskapelige høgskole (AVH) var ein høgskole som vart etablert i 1922 som Noregs lærarhøgskole i Trondheim (NLHT). I somme samanhengar vart skolen òg omtalt som Den pedagogiske høgskole i Trondheim. I 1968 vart AVH ein del av Universitetet i Trondheim (UniT) fram til 1. januar 1996 då institusjonane som utgjorde UniT vart fusjonert og Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) vart etablert.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skolen vart oppretta ved stortingsvedtak 1. juni 1922 og gav opphavleg eksamensfri vidareutdanning for folkeskolelærarar. Den opphavlege fagkretsen bestod av historie, pedagogikk og norsk. I tillegg vart det gitt undervising i realfag av lærarar frå Noregs Tekniske Høgskole og Vitenskapsmuseet. Elevtalet var avgrensa til 60 studentar, på grunn av storleiken på skolestua på Lade gård.

I perioden 1940-1946 var skolen stengt.[1]

På 1950-talet starta ei storstilt utviding av Lærarhøgskolen, og det vart gradvis innført grunnfags-, mellomfags- og til sist hovedfagsundervising i humaniora, samfunnsfag og realfag.

Skolen gjekk så i 1968 inn i Universitetet i Trondheim som ein autonom høgskole på linje med Noregs tekniske høgskole (NTH).

Eininga bytta namn til Den allmennvitskapelige høgskolen i 1984.

I 1995 hadde AVH meir enn 9000 studentar. Dette var fleire enn ved NTH på det tidspunktet.

I 1996 vart Universitetet i Trondheim omdanna gjennom ein forsterka fusjon mellom NTH, VM, Musikkonservatoriet i Trondheim, AVH og Det medisinske fakultet til Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU).

Campus[endre | endre wikiteksten]

Noregs Lærarhøgskole heldt frå 1922-1960 til på Lade gårdLade. I 1960 opna større undervisningslokale på Rosenborg. Her vart det mellom anna plass til å sette i gang undervising i realfag. I 1972 flytta nokre fag inn i eit kommunalt bygg tiltenkt næringsverksemd på Lade. Flyttinga skulle i utgangspunktet vere mellombels i medan ein venta på utbygginga av Dragvoll som opna i 1978. Campus Lade vart likevel ikkje heilt fråflytta før i 2003 då det nye realfagsbygget på Gløshaugen stod ferdig. Dei humanistiske faga heldt ein periode til på Øya i det som i dag er Trondheim Spektrum betre kjent under det tidlegare namnet Nidarøhallen.

Rosenborg husa biologi og kjemi, medan fysikk og matematikk heldt til på Lade saman med psykologi og informatikk.

Bygningane på Lade er no bygd om til bustader og kontorlokale. Dei gamle universitetsbygningane på Rosenborg er reve og leilegheitskompleks er oppført på store delar av det gamle universitetsområdet.

Rektorar ved NLHT/AVH[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • AVHs historikk er oppsummert i kapittel 4.1.3 i utredning om NTNU, NOU 1995: 28
  • Anders Kirkhusmoe: Akademi og seminar - Norges Lærerhøgskole i Trondheim.
  • Astrid Wale: Universitet og høgskole: Den allmenvitenskapelige høgskolen 1984-1996.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php/Noregs_L%C3%A6rarh%C3%B8gskole