Den amerikanske sjølvstendeerklæringa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den amerikanske sjølvstendeerklæringa

Den amerikanske sjølvstendeerklæringa er dokumentet der dei tretten koloniane erklærer seg sjølvstendige frå Storbritannia og grunngjev dette vedtaket. Dokumentet vart ratifisert av den andre kontinentalkongressen den 4. juli 1776. Denne datoen blir feira som USA sin nasjonaldag. Ein kopi av dokumentet er på utstilling i nasjonalarkivet i Washington, DC. Sjølvstende for dei nordamerikanske koloniane vart godteke av Storbritannia den 3. september 1783 ved fredsavtala i Paris.

Sjølvstendeerklæringa vart i hovudsak forfatta av Thomas Jefferson, i samarbeid med John Adams og Benjamin Franklin. Utkastet vart gjort av ein komité på fem mann (fem-mannskomitéen). Dokumentet har vore viktig for andre land, og andre folks kamp for sjølvråderett. Tankane bak dokumentet er mellom anna sterkt inspirert av den britiske filosofen John Locke. Den norske riksforsamlinga i 1814 var mellom anna prega av arven frå denne teksten då den norske grunnlova vart utarbeidd.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Innleiinga tek utgangspunkt i Naturretten, og eit generelt prinsipp om likskap for alle menneske. Avstanden er soleis stutt til menneskerettane. Etter denne innleiinga vert det lista opp ei rekkje grunnar for lausriving frå den engelske krona og det britiske imperiet, alle knytt til hendingane mellom 1765 og 1775. Teksten byggjer vidare på den amerikanske sjølvstenderesolusjonen, som vart framlagt første gong av Richard Henry Lee 7. juni 1776, etter vedtak i Virginiakonvensjonen den 15. mai same år. Denne stutte resolusjonen vart sidan grunnlaget for den lengre fråsegna, utarbeidd av fem-mannskomitéen frå 11. juni og fram til byrjinga av juli, då tekstane vart røysta over i kongressen.

Ratifisering[endre | endre wikiteksten]

Resolusjonen vart lagt fram for kongressen den 1. juli 1776, og votert over dagen etter. Det hadde til då vore stor usemje mellom koloniane og dei ulike delegatane om ordlyd og vegval, men denne dagen snudde om lag alle koloniane til ja, utom New York, som avstod medan delegaten venta på nye meldingar frå kolonirådet i byen. Desse kom, og New York slutta seg til veka etter. Ein delegat frå Pennsylvania, John Dickinson, var den mest ihuga motstandaren av vedtaket, og heldt seg borte frå røystinga, slik at Pennsylvania enda på ja etter påtrykk frå Benjamin Franklin.

Det røynlege vedtaket om lausriving var soleis 2. juli, ikkje den 4. John Adams skreiv snøgt heim til kona Abigail og meinte at denne dagen kom til å stå att i historia for all ettertid. Likevel var det den 4. juli som vart nasjonaldag, av di dette var dagen då teksten til erklæringa vart røysta over, og sidan offentleg kjend. Den opphavlege resolusjonsteksten vart innarbeidd i den avsluttande ordlyden i den endelege fråsegna.

Dei som signerte fråsegna[endre | endre wikiteksten]

Den første som skreiv under og den mest kjende signaturen er av John Hancock, som og sat som ordstyrar for den andre kontinentalkongressen. To framtidige presidentar, Thomas Jefferson og John Adams var blant dei som signerte fråsegna. Edward Rutledge (26 år) var den yngste og Benjamin Franklin (70) den eldste. Totalt 56 personar underteikna fråsegna og representerte dei nye statane. Dei var, frå nord til sør:

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Originaltekst av Den amerikanske sjølvstendeerklæringa ved Wikisource.