Den aronittiske velsigninga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme
Handstillinga som kohanittane brukar under Birkàt kóhaním (Den aronittiske velsigninga) under visse jødiske gudstenester.

Den aronittiske velsigninga er ei velsigning i Bibelen i 4. mosebok 6,24–26 Ho vert oftast kalla Birkàt kóhaním i jødedommen, og i kristendommen vert ho ofte kalla Herrens velsigning. Namneforma Den aronittiske velsigninga har sitt opphav i den tyskspråklege vitskapstradisjonen (Aronitischer Segen), medan ein i den engelskspråklege tradisjonen gjerne seier Prestesigninga (Priestly Blessing).

Velsigninga vart i fylgje Fjerde mosebok gjeven av Gud til Moses, og israelsfolkets fyrste øvsteprest, Aron, vart pålagt å bruke ho. Signinga blir framleis bruka i jødedommen, og i tillegg har signinga sidan reformasjonen vore bruka i protestantiske gudstenester.

Velsigninga[endre | endre wikiteksten]

Den hebraiske originalen av teksten frå Toráen (Mosebøkene):

יְבָֽרֶכְךָ֥ יהו֖ה וְיִשְׁמְרֶֽךָ׃
יָאֵ֨ר יהו֧ה ׀ פָּנָ֛יו אֵלֶ֖יךָ וִֽיחֻנֶּֽךָּ׃
יִשָּׂ֨א יהו֤ה ׀ פָּנָיו֙ אֵלֶ֔יךָ וְיָשֵׂ֥ם לְךָ֖ שָׁלֽוֹם׃

Norsk omsetjing:
“Herren velsigne deg og vare deg!
Herren la sitt andlet lyse over deg og vere deg nådig!
Herren lyfte si åsyn på deg og gjeve deg fred!”

Transkripsjon:
bárekhəkhá Adonáj vəjišmərèkha.
Ja’ér Adonáj panáv ēlèkha víḥunnèkka.
Jissá Adonáj panáv ēlèkha vəjasém ləkhá šalóm.

Birkàt kóhaním i jødedommen[endre | endre wikiteksten]

Signing av born[endre | endre wikiteksten]

Det er skikk at foreldra seier denne signinga over borna sine medan dei held ei hand på hovudet åt barnet mellom kveldsgudstenesta og kveldsmåltidet på fredag kveld.

Når ein velsignar ein son, så legg ein handa på hovudet hans og seier først:

יְשִֽׂמְךָ֣ אֱלֹהִ֔ים כְּאֶפְרַ֖יִם וְכִמְנַשֶּׁ֑ה׃
[Jəsíməkhá Elohím kə’Efràyim vəkhiMnaššè.]
‘Gjere deg Herren som Efrájim og Menasjé

Når ein velsignar ei dotter, så innleier ein dette på same vis, men med andre innleiingsord i våre dagar. Den eldre tradisjonen, som truleg berre går tilbake til 1700-talet, er å seie:

יְשִׂימֵךְ אֱלֹהִים כְּשָׂרָה לֵאָה רָחֵל וְלֵאָה׃
[Jəsimékh Elohím kəSará, Ribká, Raḥél vəLē’á]
‘Gjere deg Herren som Sará, Ribká (Rebekka), Raḥél og Lē’á

Frå slutten av 1900-talet har det gradvis vorte vanleg å seie:

יְשִׂימֵךְ אֱלֹהִים כְּרָחֵ֤ל ׀ וּכְלֵאָה֙ אֲשֶׁ֨ר בָּנ֤וּ שְׁתֵּיהֶם֙ אֶת־בֵּ֣ית יִשְׂרָאֵ֔ל׃
[Jəsimékh Elohím «kəRaḥél ukhLē’á, ašèr banú štēhèm et-Bét Jisra’él!»]
‘Gjere deg Herren som Raḥél og Lē’á, som bygde, to-saman, Israels hus’ (Ruts bok 4:11)).

Etter innleiingsorda, seier ein sjølve Birkàt kóhaním medan ein framleis held handa på hovudet åt barnet. Portugisarjødar (vest- og nordeuropeiske sefardím) legg tradisjonelt til eitt vers til som konklusjon:

וְשָׂמ֥וּ אֶת־שְׁמִ֖י עַל־בְּנֵ֣י יִשְׂרָאֵ֑ל וַֽאֲנִ֖י אֲבָֽרְכֵֽם׃

Transkripsjon: Vəsamú et-Šəmí ‘al-bəné Jisra’él; và’aní abárəkhém.
Omsetjing: Og dei skal setja Namnet Mitt på Israels born; og Eg skal signe dei.

Signinga ved livssyklusritual[endre | endre wikiteksten]

Birkàt kóhaním inngår ofte òg i livssyklusritual som zebed habbát og bryllaup.

Signing i gudstenesta[endre | endre wikiteksten]

I jødedommen inngår Birkàt kóhaním i ‘Amidáen som ein del av den siste signinga der i morgongudstenester og ettermiddagsgudstenester med minján.

Kristendommen
Icthys-symbolet
Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

Herrens velsigning i kristendommen[endre | endre wikiteksten]

Den aronittiske velsigninga har ikkje nokon tradisjonell plass i den katolske kyrkja, men etter reformasjonen vart denne signinga teken opp av fleire evangelisk-lutherske kyrkjer, inkludert i Tyskland, Danmark og Noreg. Bruken av signinga er inspirert av jødedommen, men blir tolka i ein annan teologisk tradisjon: Signinga blir sett som ein allusjon til Den kristne treeininga, noko som òg blir understreka av det føregåande tredoble Halleluja og dei etterfølgjande tre gonger tre kyrkjeklokkeslaga.

Gudstenester i Den norske kyrkja blir avslutta med at presten lyser den aronittiske velsigninga over kyrkjelyden, som svarer med tre amen. Lysinga og svaret blir gjerne sunge.[1] Denne signinga har vore brukt sidan reformasjonen i Danmark-Noreg.[treng kjelde]

Det 20. leddet i Ordning for høgmessa — etter avslutningssalma — er:

Liturg: Lat oss prisa Herren.
Kyrkjelyd: Gud vere lova. Halleluja. Halleluja. Halleluja.
Liturg: Herren vere med dykk.
Kyrkjelyd: Og med deg vere Herren.
Liturg: Herren velsigne deg og vare deg. Herren late sitt andlet lysa over deg og vere deg nådig. Herren lyfte sitt åsyn på deg og gjeve deg fred.
Kyrkjelyd: Amen. Amen. Amen.
Liturg: Gå i fred. Ten Herren med glede.
3x3 slag med kyrkjeklokkene; organisten spelar postludiet. (Etter [1])

Tekstvariantar[endre | endre wikiteksten]

I tyske protestantiske kyrkjer gjer ein ofte om «dich»/«dir» (‘deg’) til «euch» (‘dykk’):

Der HERR segne euch und behüte euch;
der HERR lasse sein Angesicht leuchten über euch und sei euch gnädig;
der HERR hebe sein Angesicht über euch und gebe euch Frieden.

Dette heng saman med ei kollektiv forståing av eintalspronomenet i den hebraiske originalteksten.[2]

Når Den aronittiske velsigninga blir uttala av lekfolk, blir 2. personspronomena ofte utbytte med første person fleirtal i tyske evangeliske kyrkjer:

Der HERR segne uns und behüte uns;
der HERR lasse sein Angesicht leuchten über uns und sei uns gnädig;
der HERR hebe sein Angesicht über uns und gebe uns Frieden.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.