Den austlege ortodokse kyrkja

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den austlege ortodokse kyrkja, eller berre Den ortodokse kyrkja, viser til kyrkjesamfunna innan ortodoks kristendom som skilde seg frå Den katolske kyrkja etter skismaet i 1054. Dei ortodokse kyrkjene, som var tilknytte Bysants, blei kjende som «Austkyrkja» medan kyrkja i Roma blei kalla «Vestkyrkja».

Kyrkja omfattar fleire sjølvstendige (autokefale) kyrkjer: Dei fire gamle patriarkata i Konstantinopel, Alexandria, Antiokia og Jerusalem, dei fem nye patriarkata i Russland, Serbia, Romania, Bulgaria og Georgia og elles erkebispedøme og eigne kyrkjer i ulike land.

Den store kyrkjesplittinga[endre | endre wikiteksten]

Splittinga mellom kyrkjene hadde fleire årsaker, men eit nøkkelord her er «styreform». Prinsippet er slik: Dersom noko skulle koma med i kyrkjelovsboka (samling av alle vedtektene frå dei 7 allmenne kyrkjemøta) måtte det bli godkjend av heile kyrkja, dermed ordet økumenisk. Sett ifrå aust, gjekk patriarken i Roma sine eigne vegar og tok til å endra på overleveringa og kyrkjelovsboka utan godkjenning av eller rådslåing hjå dei andre patriarkane. Fleire gongar før splittinga vart patriarken av Roma refsa for desse innovasjonane og brot på dei opphavlege kyrkjereglene. Han valde heller å framheva sin eigen rett til dette pga. stillinga han si som «den fyrste» (primus). Slik austkyrkjene såg det, viste uttrykket heller til «den fyrste mellom likemenn».

Sett ifrå eigen ståstad, er det den austlege ortodokse kyrkja som vernar om den opphavlege, apostoliske overleveringa (m.a.o. tradisjonen) frå Kristi tid fram til no. Det vil ikkje seia at kyrkja ikkje har utvikla seg, men at all utvikling skal ha hendt innanfor ramma av overleveringa og i tråd med ho. Den ortodokse kyrkja godtok, godtek enno og skal i prinsippet fylgja vedtektene som vart vedteke under dei 7 økumeniske kyrkjemøta frå før den store splittinga frå 1054.

Den ortodokse kyrkja har ingen pave. Ingen biskop, erkebiskop eller patriark kan endra på regler eller tradisjonar på eiga hand. Dermed er det heller ikkje nokon av dei som er rekna som ufeilbarlege. På grunn av administrasjonsforma og konsensusprinsippet i endring av praksis i den ortodokse kyrkja har ho utvikla seg forholdsvis sakte, noko mange ortodokse kristne ser på som ein styrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]