Den cisalpinske republikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Repubblica Cisalpina
Den cisalpinske republikken
Klientstat i Det første franske riket
Flag of the Repubblica Transpadana.svg
 
Flag of Repubblica Cispadana.jpg
 
Flag of Piedmont.svg
 
Grisons-coat of arms.svg
17971802 Flag of the Italian Republic (1802).svg

Flagget til Cisalpinske republikken

Flagget til Den cisalpinske republikken var det transpadanske flagget, ei vertikal utgåve av det italienske.

Plasseringa til Cisalpinske republikken
Nord-Italia i 1796; hertugdøma Milano, Mantova, Parma, Modena–Reggio vart slått saman til Den cisalpinske republikken i lag med Kyrkjestaten, bispedømet Trentino og delar av Republikken Venezia og Piemonte.
Hovudstad Milano
Styreform Republikk
President
 - 179798 Det første direktoratet
 - 1798 Det andre direktoratet
 - 179899 Det tredje direktoratet
Lovgjevande forsamling  
 - Overhus Seniori (Dei eldre)
 - Underhus Giuniori (Dei yngre)
Historisk periode Napoleonskrigane
 - Oppretta 29. juni 1797
 - Anerkjend av Austerrike 17. oktober 1797
 - Okkupert av Austerrike 27. april 1799
 - Tatt tilbake av Frankrike 2. juni 1800
 - Reformert av Frankrike 9. februar 1801
 - Vart Den italienske rep. 1802
 - Vart Kongedømet Italia 17. mars 1805

Den cisalpinske republikken (italiensk Repubblica Cisalpina) var ein fransk klientstat i Nord-Italia som varte frå 1797 til 1802.

Etter slaget ved Lodi i mai 1796 oppretta den franske generalen Napoleon Bonaparte to statar - ein sør for elva Po, Den cispadanske republikken, og ein i nord, Den transpadanske republikken. Desse to, i lag med provinsen Novara vart slått saman til Den cisalpinske republikken 29. juni 1797 med Milano som hovudstad. Austerrike anerkjende den nye staten i Campoformiotraktaten 17. oktober same året og fekk i byte det som var att av Republikken Venezia.

Nord-Italia i 1803

Område[endre | endre wikiteksten]

Den cisalpinske republikken bestod hovudsakleg av det tidlegare hertugdømet Milano, delane av Republikken Venezia vest for elva Adige, hertugdømet Modena, dei nordlege områda av Kyrkjestaten og den piemontesiske provinsen Novara. Republikken hadde eit areal på 42 500 km² og om lag 3,24 millionar innbyggjarar fordelt på 20 departement. Milano var hovudstaden og hadde 124 000 innbyggjarar i 1764. Landet var velståande, trass i øydeleggjingar frå tidlegare okkupantar. Økonomien var basert på dyrking av korn og kvegdrift, i tillegg til ein liten blømande industri, hovudsakleg produksjon av silke.

Forhold til Sveits[endre | endre wikiteksten]

Den nye regjeringa prøvde å samle alle dei italienske landområda til ein enkelt stat. Dette skapte spenningar i forholdet til Sveits, som inkluderte italiensktalande område sør i Alpane. 10. oktober 1797 støtta franskmennene eit opprør i Valtellina. Den cisalpinske republikken enda opp med å tak kontroll over Campione d'Italia og Valtellina frå Graubünden som begge vart ein del av republikken. Dei prøvde òg å erobre Lugano i eit lynåtak i 1797, men det var mislykka.

Allianseavtalen[endre | endre wikiteksten]

Forment var Den cisalpinske republikken ein sjølvstendig stad alliert med Frankrike, men allianseavtalen sa klart at republikken var underordna Frankrike. Franskmennene hadde mellom anna kontroll over det lokale politiet og hadde ein hær av 25 000 franskmenn stasjonært i landet, betalt av repulikken. Cisalpinarane danna òg ein annan hær på 35 000 mann som tok del i det franske felttoget.

Den andre republikken[endre | endre wikiteksten]

Republikken vart raskt løyst opp etter tapet til Frankrike mot Den andre koalisjonen i august 1799. Han vart då okkupert av austerrikske styrkar, som først drog bort frå området i juni 1800, då Napoleon vann slaget ved Marengo. Han vart oppretta på ny med Lunévilletraktaten 9. februar 1801 og landområdet vart utvida med dei tidlegare austerrikske områda Veneto og det som i dag er Marche.

Januar 1802 endra Den cisalpinske republikken namn til Den italienske republikken då Napoleon valde seg sjølv som president etter råd frå Talleyrand.

Seinare vart republikken ein del av Kongedømet Italia (180514).

Departement[endre | endre wikiteksten]

Staten var delt inn i følgjande departement, bygde på det franske systemet:

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]