Den døyande svana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Anna Pavlova i Den døyande svana.

Den døyande svana er tittelen på ein solodans koreografert av den russiske koreografen Michel Fokine i 1905 for den russiske ballerina (kvinneleg dansar i klassisk ballett) Anna Pavlova. Koreografien vart skrive til den franske komponisten Camille Saint-Saëns stykke Le Cygne (Svana) for cello og to piano, den trettande satsen i komposisjonen Dyras karneval frå 1886, som skildrar ei svane som glir gjennom vatnet. Fokine har vore inspirert av balletten Svanesjøen og av diktet The Dying Swan (Den døyande svana) av briten Alfred Tennyson, og ville få fram gjennom den gåverike ballerina Anna Pavlovas framifrå dans det skjøre ved livet.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.