Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

DFLP, Den demokratiske fronten for frigjering av Palestina er ein palestinsk politisk og militær organisasjon. Han bygde før på kommunismen, men er no meir allment sosialistisk. DFLP vart skipa i 1969, som ei utbrytargruppe frå PFLP. DFLP er med i PLO.

DFLP er først og fremst aktiv mellom palestinarar i Syria og Libanon, men har òg eit visst nærvær på Vestbreidda og i Gaza.

Målet til organisasjonen har vore å opprette ein felles demokratisk stat for palestinarar og jødar, men dei har godteke forhandlingar med Israel om ei tostats-løysing, og seier ein felles stat er meir ein «visjon» for ei fjernare framtid.

DFLP har ei væpna grein, men har sidan 1970-talet teke avstand frå åtak på sivile, og berre gjort operasjonar mot soldatar på okkupert område. Sjølvmordsbombing og åtak inne i sjølve Israel tek dei sterkt avstand frå.

Ved valet i 2006 gjekk dei saman med Det palestinske folkepartiet og FIDA i venstrealliansen Alternativet (al-Badeel).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk wikipedia.