Den diplomatiske revolusjonen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alliansane som vart oppretta etter den diplomatiske revolusjonen.

Den diplomatiske revolusjonen av 1756 er eit uttrykk som vert nytta om endringane av dei langvarige diplomatiske alliansane som varte fram til den austerrikske arvefølgjekrigen, og som så vart omgjort i sjuårskrigen. Kort fortalt vart endringa utført slik at der Frankrike og Preussen tidlegare var mot Storbritannia og Austerrike, vart Frankrike og Austerrike no allierte mot Storbritannia og Preussen. Han var del av ei rekkje stadig skiftande alliansar gjennom 1700-talet som er blitt kalla «stats-kvadriljen».

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Den diplomatiske endringa vart utløyst av forskjellige interesser mellom Austerrike, Storbritannia og Frankrike. Aix-la-Chapelle-traktaten etter den austerrikske arvefølgjekrigen i 1748 førte til at Austerrike innsåg den høge prisen dei måtte betale for å ha Storbritannia som ein alliert. Maria Teresia av Austerrike hadde forsvart kravet sitt om Habsburg-trona og hadde fått mannen hennar, Frans Stefan krona som keisar i 1741, men ho hadde vorte tvungen til å gje frå seg verdifulle område i prosessen. Under diplomatisk press frå Storbritannia hadde Maria Teresia gjeve frå seg det meste av Lombardia og det okkuperte Bayern. Britane tvinga ho vidare til å gje frå seg Parma til Spania og enno viktigare, la Preussen få behalde det erobra Schlesien. Under krigen hadde Fredrik II (Fredrik den store) av Preussen erobra verdifulle provinsar i Schlesien, eit av dei bøhmiske kronlanda. Med Schlesien erobra vart Preussen ei stormakt i Europa og vart ein trugsel mot dei tyske områda til Austerrike, samt resten av Mellom-Europa. Den nye prøyssiske makta gjorde ikkje Storbritannia noko, som såg på Preussen som ein balanse mot makta til Frankrike.

Westminster-konvensjonen[endre | endre wikiteksten]

Resultatet av den austerrikske arvefølgjekrigen vart tydeleg: Storbritannia såg ikkje lenger på Austerrike som mektig nok til å stå imot den franske makta og var derfor nøgd med å støtte opp mo mindre statar som Preussen. Derfor vart Storbritannia og Preussen einige i Westminsterkonvensjonen (16. januar 1756) om Storbritannia ikkje skulle støtte Austerrike i ein ny konflikt om Schlesien så lenge Preussen gjekk med på å verne Hannover mot franskmennene. Britane kravde vern av Hannover fordi kongane deira avstamma frå Brunswick-Luneburg-linja til Hannover. Storbritannia følte at med den veksande makta til Preussen, var det betre å forsvare Hannover enn Austerrike. Samstundes var Austerrike klar på å at dei skulle ha tilbake Schlesien, så dei to allierte hadde motstridande interesser. Maria Teresia innsåg at det ikkje lenger var nyttig å oppretthalde alliansen med Storbritannia og vendte seg mot Frankrike, som kunne erstatte Storbritannia som ein nyttig alliert. Maria Terisa visste at utan ein mektig alliert som Frankrike, kunne ho aldri klare å ta tilbake Schlesien frå Fredrik.

Den første Versailles-traktaten[endre | endre wikiteksten]

Maria Teresia sendte utanriksministeren sin, grev Wenzel Anton von Kaunitz, til Frankrike for å sikre ein allianse som gjorde at Austerrike kunne ta tilbake Schlesien. Ludvig XV var motvillig til å inngå nokre avtalar som Kaunitz la fram, og det var først då det oppstod ny strid mellom Frankrike og Storbritannia at Ludvig XV av Frankrike vart tvungen inn i ein allianse med Austerrike. I tillegg så omringa ikkje lenger Austerrike Frankrike. I staden hadde Fredrik II klart å ende det Habsburg-dominerte området opp mot den franske grensa. Derfor såg ikkje lenger Frankrike på Austerrike som ein umiddelbar trugsel og gjekk inn i ein allianse. Som svar på Westminster-konvensjonen, skreiv ministrane til Ludvig XV og Kaunitz under på den første Versailles-traktaten (1. mai 1756), og begge sider vart einige om å vere nøytrale og gje 24 000 soldatar til den andre om ein av dei gjekk inn i ein konflikt med ein annan stat.

Den andre Versailles-traktaten[endre | endre wikiteksten]

Etter å ha sikra seg fransk nøytralitet starta diplomatane til Maria Teresia å opprette ein anti-prøyssisk koalisjon. Dette varsla Fredrik II som valde å slå til først med å invadere Sachsen og starta med det sjuårskrigen (1756-1763). Fredrick gjorde dette for å skremme Russland bort frå støtte Austerrike, men invasjonen av Sachsen tirra berre Russland, som sende 80 000 soldatar til Austerrike. Eit år etter den første Versailles-traktaten vart signert, signerte Frankrike og Austerrike ein ny offensiv allianse den 1. mai 1757. I den andre Versailles-traktaten lovde Austerrike å gje Austerriksk Nederland til Frankrike, men til gjengjeld skulle Maria Tereisa få Parma samt 129 000 franske soldatar og 12 millionar livres kvart år fram til Schlesien kom tilbake til Austerrike.

Etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Følgjene av denne diplomatiske revolusjonen var at Storbritannia og Preussen stod imot Austerrike, Frankrike og Russland. Trass i at alliansane hadde endra seg, var hovudfiendane framleis dei same: Preussen mot Austerrike og Storbritannia mot Frankrike. Alle desse spenningane braut ut i sjuårskrigen, som den diplomatiske revolusjonen vert rekna som opptakten til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Diplomatic Revolution» frå Wikipedia på engelsk, den 14. august 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Charles W. Ingrao, The Habsburg Monarchy (Cambridge: Cambridge University Press, 2000), 157-177.
    • Judith G. Coffin and Robert C. Stacy, Western Civilizations Volume II (USA: W. W. Norton & Company, Inc, 2005), 568-570.