Den donauske sletta i Bulgaria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den donauske sletta (bulgarsk Дунавска равнина, Dunavska ravnina) utgjer den nordlege delen av Bulgaria, og ligg mellom Balkanfjella i sør og Donau i nord. Ho strekkjer seg frå elva Timok i vest til Svartehavet i aust. Sletta har eit areal på 31 523 km², er om lag 500 km lang, og mellom 20 og 120 km brei.

Sjølv om ho vert omtalt som ei slette er landskapet forholdsvis åslendt med mange platå og elvedalar. Klimaet er kontinentalt og vert noko påverka av Svartehavet i aust. Nedbørsmengdene varierer mellom 450 og 650 mm i året. Viktige elvar utanom Donau er Iskar, Jantra, Osam, Vit, Rusenski Lom, Ogosta og Lom.

Av store byar i regionen finn ein Varna, Ruse, Pleven, Dobritsj, Sjumen, Veliko Tarnovo, Vratsa, Vidin, Montana, Silistra, Targovisjte og Razgrad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]