Den eldste Noregshistoria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Den eldste Noregshistoria, eller Historia Norvegiæ, er eit tidleg kjeldeskrift til norsk soge. Handskriftet vart funne av Peter Andreas Munch medan han var i Skottland i 1840-åra, og vert ofte kalla "den skotske".

Skriftet har vore mykje drøfta av forskarar, og det var lenge usemje om alderen på det. Halvdan Koht valde å følgje dateringa til Gustav Storm, som meinte boka var skriven om lag 1170. Han meiner òg at sogemannen var norsk, av di teksta syner stor kjennskap til rekkefølgja på kongane og norske tilhøve elles.

Boka er todelt: Første delen tek føre seg geografien og landet, med tilhøyrande skattland (Island medrekna), og etter dette følgjer ei utgreiing om kongane frå dei tidlege kongane av Ynglingeætta like ned til Olav den heilage.

Boka finst berre i brot. Det er tapt nokre avsnitt i midten av ho.

Teksta vart omsett av Halvdan Koht i 1921 og utgjeven i serien Norrøne BokverkDet norske samlaget. Koht har lagt ved ei rik mengd merknader, som legg meir lys over teksta.