Den engelske borgarkrigen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«After the Battle of Naseby in 1645». Måleri av John Gilbert.

Den engelske borgarkrigen var ein serie med militære konfliktar mellom det engelske parlamentet og kong Karl I (Charles) som gjekk føre seg mellom 1642 og 1651. Konfliktane enda med siger for parlamentet og avrettinga av kong Karl.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kongesymbola til Karl I, måla i 1649.
«The Wounded Cavalier» av William Shakespeare Burton, ein allegori av den engelske borgarkrigen. Ein såra cavalier ligg på bakken, støtta av ei ung kvinne, medan ein svartkledd puritanar, frå parlamentssida, står i bakgrunnen.

Under regjeringa til Elisabeth I og Jakob I hadde England vakse til å bli ein relativt velståande stat, men under Karl I skulle landa røyne store omveltingar.

Konflikten botna i det eineveldet som Karl og far hans, Jakob I, utøvde. Dette var ifølgje parlamentet eit brot med Magna Carta, det gamle dokumentet som sikra parlamentet sin fridom og rettane deira. Både Karl og Jakob var elles frå fyrstehuset Stuart, i motsetning til fyrstehuset Tudor, som gjekk i oppløysing i og med at Elisabeth I døydde barnlaus i 1603.

Religion var også ein viktig bakgrunn for borgarkrigen. Elisabeth hadde etablert den anglikanske kyrkja i 1559 og hadde medvite unngått kontroversielle diskusjonar, som katolske relikvie i kyrkjene og presteskapet si seremonielle makt, for å oppretthalde fred og orden. Kong Jakob endra ikkje mykje i kyrkja, men då Karl vart konge i 1625 lét han den såkalla arministiske tankegangen få innpass i den anglikanske kyrkja, noko som verka som eit steg tilbake mot katolisismen.

Open strid[endre | endre wikiteksten]

Det såkalla «korte parlamentet» (13. april-5. mai 1640) vart oppløyst, da det kravde forlik med skottane som vilkår for løyvingar. Skottane gjorde etter det eit åtak inn i England, og Karl vart tvinga til å kalle inn eit nytt parlament, det såkalla «lange parlamentet», som vart opna 3. november same året.

Dette parlamentet gjekk sterkt i rette med støttespelarane for einevaldspolitikken, og kongen ofra to av dei, som vart avretta. Viss avgrensingar i kongemakta vart vedtatt, men Karl si vakling skunda berre på den kommande borgarkrigen.

Krig[endre | endre wikiteksten]

«Battle of Marston Moor, 1644». Måleri av John Barker.

Sjølve krigshandlingene byrja då kongen heiste krigsflagg i Nottingham 22. august 1642 og tok stilling rundt Oxford. Han vann til å begynne med mot dei uøvde styrkane til parlamentet. Karl si side vart kalla cavaliers medan sida til parlamentet vart kalla roundheads.

Til trass for ei rekkje suksessar i starten var Karl sitt nederlag klart allereie i 1644, då parlamentet allierte seg med skottane. Etter at dei kongelege troppane leid nederlag ved Marston Moor og Newbury i 1644, vart det tingingar. Desse vart resultatlause, og kong Karl prøvde samtidig med forhandlingane å skaffe seg utanlandsk hjelp.

Oliver Cromwell måla av Robert Walker.

Parlamenthæren vart reorganisert av Oliver Cromwell, som vann ein avgjerande siger ved Naseby 14. juni 1645. Kong Karl måtte søkje tilflukt hos den skotske hæren ved Newark i 1646. Han intrigerte med dei skotske presbyterianarane, men utan å lykkast, og dei utleverte han til utsendingar frå parlamentet da dei drog heim i januar 1647, men han flykta sidan frå fangenskapet.

Han vart seinare same året bortført av folk frå hæren som òg hadde komme i konflikt med parlamentet, og prøvde forgjeves å vinne hæren for si sak. Gjennom hemmelege tingingar med skottane framprovoserte han så «den andre borgarkrigen» i mai-august 1648. Leiarane i hæren var no trøytte av intrigane hans, og heldt han i forvaring i ulike slott.

Karl vart stilt for retten januar 1649. Han vart funnen skuldig i høgforræderi og avretta. England avskaffa monarkiet og innførte det engelske samveldet. I 1653 vart Oliver Cromwell utnemnd til Lord Protector of the Protectorate. Republikken varte likevel ikkje lenger enn to år etter at Cromwell døydde i 1658.

Etter Cromwell sin død arva sonen Richard tittelen Lord Protector, men ikkje makta tittelen medførte. Etter ein kort periode vart så monarkiet gjeninnført, og Karl sin son Karl II vart innsett som ny konge.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Den engelske borgarkrigen